Hopp til innhold

Overvelda over omsorgen etter tap av 7500 høner

Ho hadde ikkje trudd at tapet av 7500 høner i brannen sist veke skulle føre til så stor respons frå ukjende. Solfrid Nautvik er overvelda over medkjensla familien no opplever.

Solfrid Nautvik

Solfrid Nautvik trøystar seg med at dei 7500 hønene truleg døydde raskt. Ho såg til dei dagleg.

Foto: Sissel Brunstad

Det har akkurat gått ei veke sidan flammane slikka oppover veggane og slukte hønseriet på Folkestad i Volda. 7500 høner brende inne, og for eigarane var det forferdeleg. Solfrid Nautvik seier responsen frå folk ho knapt kjenner, gir trøyst.

– Det er rørande, folk som eg eigentleg ikkje har kjent, dei kan kome og gje meg ein klem når eg møter dei, eg har fått blomster og gode helsingar, folk har ringt og syns det var grusomt, nokre har sendt melding, seier ho overvelda.

Les også:

Feller framleis tårer

Solfrid Nautvik ser på ruinane

Solfrid Nautvik seier ho framleis tek seg i å skulle gå for å plukke egg. Det er nesten ikkje til å fatte for henne at 7500 høner brende inne sist veke.

Foto: Sissel Brunstad

Det nedbrende hønsehuset, svartsota hønsebur, politiet sine sperreband og tusenvis av svarte, øydelagde egg fortel tydeleg om katastrofen som råka gardbrukarane i Volda. Solfrid Nautvik har drive hønseriet i årevis, og har no overlate det til neste generasjon. Brannen har gått hardt inn på henne, og at dagleg feller tårer over det som har skjedd.

Det var så fælt, ein kan nesten ikkje skildre det, seier ho gråtkvalt.

Håper dei døydde fort

Ho fortel at svigerdottera ringde 19.15 sist fredag. Då hadde forbipasserande sett flammane, og alamert brannvesenet. Dei rykte ut med mannskap frå fleire stader og var på staden etter kort tid, men utan å kunne gjere stort.

– Det seiest at den gassen som utviklar seg ved brann, gjer slik at dei daudar nesten med det same, det er einaste trøysta. Det er grusomt å tenkje på, at dei skulle li ein slik skjebne, sukkar ho.

Politiet veit ikkje årsaka

Politiet etterforskar framleis brannen, og kan ikkje seie noko om årsaka. Solfrid Nautvik seier familien ikkje vil gje seg, og at håpet no er at det går an å byggje opp igjen livsverket.

Sjølv tek ho seg stadig i å skulle gå for å plukke egg, slik ho har gjort tusenvis av gongar før.

– Det var veldig kjekt, det var fredeleg og godt å kome inn og stelle med det, dei var fornøgde, seier ho.

Brann i hønseri på Kornberg i Volda

Brannvesenet klarte ikkje å sløkke brannen, og eigarane trur det skjedde svært fort.

Foto: Sindre Kvangardsnes

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL