Hopp til innhold

Full fyr i hønseri med fleire tusen høns

Hønseriet på Kornberg på Folkestad i Volda er totalskadd i brann. Det var umogleg å berge noko som var inne i hønseriet.

Brann i hønseri på Kornberg i Volda

Det var full fyr i hønseriet då brannvesenet kom til staden.

Foto: Sindre Kvangardsnes

Lokalkjende folk opplyser til NRK at det kan vere så mykje som 7500 høns i hønseriet som står i flammar.

Vi kan ikkje stadfeste at det har vore 7500 høns i hønseriet, men det er i den størrelsesorden, seier operasjonsleiaren ved Sunnmøre politidistrikt til NRK.

Brann i hønseri på Kornberg i Volda 2

Ut på kvelden lukkast brannvesenet med å sløkkje brannen.

Foto: Bjørnar Torvholm Sævik / NRK

Det skal ha teke til å brenne om lag klokka 19.45. Hønseriet blei overtent etter kort tid og det var store flammar då brannvesenet kom til staden.

Brann i hønseri i Volda

Hønseriet på Kornberg i Volda er totalskadd i brannen.

Foto: Tipsar
Laster Twitter-innhold
Brann hønseri Kornberg i Volda

Slik ser det ut på brannstaden kring midnatt mellom fredag og laurdag.

Foto: Bjørnar Torvholm Sævik / NRK

Brannvesenet i Volda fekk etter kvart kontroll over brannen i den forstand at det ikkje var fare for at brannen skulle spreie seg. Men store verdiar har gått tapt.

Det ser ikkje ut til at vi klarer å berge noko av det som var i bygningane. Arbeidet no handlar om å avgrense brannen mest mogleg, opplyser politiet.

Laster Twitter-innhold
Turid Nautvik, Dalsfjorden i Volda

NRK besøkte hønseriet i samband med orkanen Dagmar. Då hadde bygda mista straumen og 7500 høns måtte matast manuelt.

Sist NRK besøkte hønseriet på Kornberg var etter orkanen Dagmar. Den gongen var bygda straumlaus fleire døgn etter at andre hadde fått tilbake straumen. Også forsiloen var øydelagd etter Dagmar sine herjingar.

Kornberg

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL