Hopp til innhold
Ålesund tinghus
Foto: Terje Reite / NRK

Overfallsvaldtekt Søre Sunnmøre

Oppsummert

Ein austeuropeisk mann blei i januar 2018 dømd til fengsel i fem år og ein månad for valdtekt av ei kvinne på Søre Sunnmøre. Ankesaka gikk i Frostating lagmannsrett i juni.

  • Ankar dom

    Ein austeuropeisk mann som nyleg blei dømd til fem års fengsel for valdtekt, ankar dommen.Ifølgje forsvararen hans er dei usamde i dommen og meiner dei kan påvise saksbehandlingsfeil. Mannen skal ha valdteke ei kvinne på Søre Sunnmøre sommaren 2017. To andre menn er tidlegare frifunne for gruppevaldtekt, men ein av dei blei dømde til fengsel for seksuell handling.


  • Dømt til fem års fengsel

    En mann fra Litauen er i Romsdal tingrett dømt til fem års fengsel for voldtekt av ei kvinne på Søre Sunnmøre sommeren 2017. Voldtekten karakteriseres i dommen som grov. Han må også betale fornærmede 175.000 kroner i erstatning. Mannen ble dømt i tingretten i fjor, men dommen ble senere opphevet på grunn av tvil om tolking i et politiavhør. To andre personer har tidligere blitt frifunnet for gruppevoldtekt, men den ene av mennene ble dømt til 120 dager fengsel for seksuell handling.

  • Aktor ber om 5,5 år fengsel

    Aktor la i føremiddag ned påstand om fengsel i fem år og seks månader for ein valdtektstiltalt mann frå austeuropa. Han skal ha valdtatt ei kvinne på tur på Søre Sunnmøre sommaren 2017. Mannen blei dømt i tingretten i fjor, men domen blei seinare oppheva på grunn av tvil om tolking i eit politiavhøyr. To andre er tidlegare frikjende for valdtekta.

  • Ny rettssak

    I dag startar rettssaka mot ein austeuropeisk mann som i januar i fjor blei dømd for valdtekt av ei kvinne på Søre Sunnmøre.

    Lagmannsretten kom seinare på året til at dommen på over fem års fengsel måtte opphevast, på grunn av tvil om tolking i eit politiavhøyr.

    To andre er tidlegare frikjende for valdtekta, som skal ha skjedd då kvinna var på fjelltur sommaren 2017.