Hopp til innhold

Valdtektssikta vedgår at han drog ned bukse

Ein av dei tre austeuropearane som er sikta for å ha valdtatt ei kvinne på Søre Sunnmøre, har forklart at han drog ned buksa til kvinna. Men han hevdar det var eit uhell.

Resepsjon Frostating lagmannsrett Ålesund Sunnmøre tingrett

Ingen av dei tre mennene vedgår valdtekt av kvinna. Ho var på fjelltur på Søre Sunnmøre tidlegare i sommar, då ho skal ha blitt overfallen og valdteken.

Foto: Harry Heggdal / NRK

Ingen av dei tre mennene som er sikta vedgår å ha valdtatt kvinna, men to vedgår no at dei var på staden der ho blei valdteken tidlegare i sommar.

Den eldste mannen, ein 39-åring, skal i politiavhøyr ha forklart at han han møtte kvinna på fjelltur, og at han drog ned kvinna si bukse ved eit uhell då han fall. I samband med dette har han forklart at han kanskje også var bort i kvinna fysisk.

– Eg ønskjer ikkje å kommentere desse opplysningane, men mannen vedgår ikkje straffskuld. Vi kjem til å anke fengslinga og brev- og besøksforbodet, seier Mats Opshaug, som er advokat for mannen.

Avhøyrt over 20 vitne

Politiet arresterte dei tre litt over eit døgn etter at kvinna skal ha blitt valdtatt på fjelltur på Søre Sunnmøre. Så gjekk dei frå dør til dør for å avhøyre moglege vitne i nabolaget dei neste dagane. I ettertid har dei avhøyrt over 20 vitne. Dei meiner dette har styrka saka, og viser til at dei også har tekniske bevis.

Les også:

Skal ha sletta datakommunikasjon

Ifølgje avgjerda frå Sunnmøre tingrett tyder politiet sin gjennomgang av mobilar og datamaskiner på at kommunikasjon i den aktuelle tidsperioden er sletta. Det står att ein god del arbeid med å gå gjennom trafikken, og dette har vist seg å vere tidkrevjande. Det er ein av grunnane til at politiet fekk medhald i vidare fengsling denne veka.

Skal ha forklart om samordning

I tillegg fryktar politiet at dei tre skal samordne forklaringane sine, og viser til at dei skal ha fortalt om det til ein kollega. Sidan ingen av dei har fast arbeid i landet, fryktar retten at dei skal stikke av, om dei no blir sette fri.

Dei tre blei arresterte berre to dagar før to av dei hadde bestilt flybillett tilbake til Aust-Europa. No sit dei fengsla i Ålesund, og alle tre er pålagt brev- og besøksforbod.