Hopp til innhold

Kvinne skal ha blitt overfallen og valdtatt

Tre menn er arrestert etter at ei kvinne skal ha blitt overfallen og valdtatt på søre Sunnmøre tysdag.

Gamle Ålesund tinghus, no politihuset

Tre menn er varetektsfengsla i fire veker.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

En kvinne i 30–40 åra blei tysdag overfallen og valdtatt på Søre Sunnmøre.

Seksjonsleiar ved etterforskningsavdelinga ved Ålesund politistasjon, Robert Hjelmeseth, seier saka er alvorleg.

Robert Hjelmeseth

Seksjonsleiar Robert Hjelmeseth.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

– Ei slik hending er ei alvorleg forbryting. Vi er tidleg i etterforskinga og har gjennomført taktisk etterforsking, politiavhøyr, rundspørjing og kriminaltekniske undersøkingar.

Det står att framleis ein god del etterforsking og politiet vil ikkje sei meir no i frykt for at det skal skade den vidare etterforskinga.

Dei tre mennene som alle kjem frå Aust-Europa blei fredag framstilt for varetektsfengsling i fire veker, med brev- og besøkforbod i to veker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL