NRK Meny
Normal

Har avhøyrt over 20 vitne etter påstått gruppevaldtekt

Politiet har dei siste dagane gått frå hus til hus på jakt etter bevis etter at ei kvinne skal ha blitt overfalle og valdteken på Søre Sunnmøre. Dei meiner det har styrka saka.

Ålesund politistasjon

Politiet meiner etterforskinga så langt støttar dei i trua på at det har skjedd eit alvorleg straffbart forhold med kvinna som er fornærma i saka. Men ingen av dei tre mistenkte vedgår straffskuld.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Politiet har den siste veka avhøyrt naboar, arbeidskollegaer og andre som har tilknyting til dei tre sikta mennene i saka. Dei meiner dei no har eit godt bilde av kva som skjedde i ei bygd på Søre Sunnmøre sist tysdag.

Ei kvinne har forklart at ho blei overfallen og valdteken av tre ukjende menn då ho gjekk på fjelltur. Ho skal etter kvart ha klart å varsla om det som skjedde, og vel eitt døgn seinare blei tre austeuropearar arresterte.

Robert Hjelmeseth

Etterforskingsleiar Robert Hjelmeseth ved Ålesund politistasjon seier dei har sett inn store ressursar på å finne ut kva som skjedde på Søre Sunnmøre sist tysdag.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

– Vi kan ikkje gå inn på detaljar om kva som er kome fram av opplysningar, det kan skade den vidare etterforskinga. Men eg kan seie at etterforskinga har styrka oss i trua på at det har skjedd eit alvorleg straffbart forhold, seier seksjonsleiar ved Ålesund politistasjon, Robert Hjelmeseth.

Politiet skal ha funne tekniske bevis som støttar det kvinna seier, men vil ikkje kommentere funna nærare.

Nektar straffskuld

Ingen av dei tre mennene har vedgått å ha valdtatt kvinna, og alle nektar straffskuld. Sist fredag blei dei varetektsfengsla i fire veker, to veker med brev- og besøksforbod.

Ifølgje rettsavgjerda har berre ein av dei vedgått å ha vore på staden, men han skal også ha forklart at dei to andre var der.

– Min klient har vedgått å ha møtt den fornærma kvinna, men den vidare etterforskinga må avdekkje det nærare handlingsløpet, seier Håkon Sætre Rasmussen, som representerer den yngste, ein mann tidleg i 20-åra.

Les også:

Frifot i eitt døgn

Dei tre var på frifot i over eitt døgn, før dei blei arresterte. Då hadde politiet leitt etter mennene med store styrkar.

Etter planen skulle to av dei tre reist heim igjen med fly to dagar etter at dei blei arresterte, men blei stoppa før dei kom så langt. Alle tre har midlertidig arbeid i området.

– Gjennom etterretning og etterforsking leia det oss fram til dei sikta, som blei arresterte onsdag kveld, seier Hjelmeseth.

Mette Ekroll Nyland

Mette Ekroll Nyland er bistandsadvokat for kvinna i 30-åra. Ho seier at støtta frå lokalmiljøet betyr mykje for henne, men at ho er sterkt prega av det som skal ha skjedd.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Tek det svært tungt

Mette Ekroll Nyland er bistandsadvokat for kvinna i 30-åra. Ho seier kvinna har tatt det svært tungt, men opplever stor støtte i bygda. Nyland seier kvinna har forklart at ho ikkje hadde sett dei tre mennene, før dei skal ha gått til angrep på henne.

– Ho er sterkt prega av det som har skjedd, men opplever støtte i lokalmiljøet, og det er svært viktig for henne, seier Nyland.

Ifølgje politiet har ein av mennene anka avgjerda om varetektsfengsling, medan ein av dei andre har anka på brev- og besøksforbodet.