Hopp til innhold

Oscar-nominert film med scener frå vestlandsk natur

Fleire av scenene i den nye storfilmen «The Danish Girl» er filma i Møre og Romsdal.

The danish girl

Storfilmen «The Danish Girl» er mellom anna spelt inn på Sunnmøre og i Romsdal. Dette er filma på Haramsøya i Haram kommune på Sunnmøre.

Foto: Skjermdump trailer

Når den mykje omtalte filmen «The Danish Girl» har premiere her til lands denne veka inneheld den ein smakebit av flott norsk natur.

Filmen, som er nominert til fire Oscar-prisar, har fleire scener frå Haramsøya og Vigra på Sunnmøre.

Ordførar i Haram kommune, Vebjørn Krogsæter, synest det er stas at delar av filmen har blitt spelt inn på Haramsøya.

– Det er veldig positivt at slike storfilmar vel å kome hit for å filme. Det er med på å sette oss på kartet, seier han.

Også filmen Ex Machina, som delvis er spelt inn på Juvet landskapshotell og i Valldal, er nominert til Oscar i år.

Vekker merksemd

Handlinga til «The Danish Girl» er i utgangspunktet lagt til Danmark, og har allereie hatt premiere fleire stadar i utlandet, og har eit budsjett på 15 millionar dollar. Ifølgje nettstaden IMDb er filmen spelt inn i seks land, England, Danmark, Tyskland, Belgia, Tyskland, Frankrike og Noreg.

The danish girl

Det er denne siste scena i filmen som skaper merksemd både i Danmark og her i Noreg.

Foto: Skjermdump trailer

Men det er spesielt ein ting årvakne kinogåarar har lagt merke til. Heilt i slutten av filmen står den kvinnelege hovudrolleinnehavaren Alicia Vikander står og speidar ut over det som skal førestille «Vejle Fjord», som ligg i Østjylland. I realiteten er det Lepsøya og delar av Giske kommune ein kan skimte i bakgrunnen.

Dette er det også mange lokale i Møre og Romsdal som har merka seg.

– Er ikkje dette Haramsøya, Hestøya, Lepsøya og fastlandet? Eller tek eg berre så feil? Om dette stemmer, så er det jo kjekt at det kjem med på Hollywoodfilmen The Danish Girl, skriv ei på Facebook.

Ville ha norsk natur

Medan filmklippet blir sett stor pris på her lokalt, blir det omtalt som ei filmblemme i Danmark. Scena har mellom anna fått stor merksemd på nettsida Reddit.

– Vi får så mange skuffa turistar til sommaren, skriv ein spøkefullt.

The danish girl

Her kan ein skimte Lepsøya og delar av Giske kommune i bakgrunnen.

Foto: Skjermdump trailer

Direktøren i Copenhagen Film Fund, Thomas Gammeltoft, innrømmer overfor Ekstra Bladet at regissøren for filmen, Tom Hopper, har tatt seg kunstnerisk fridom i slutten av filmen.

– Instruktøren tok seg ein kunstnerisk fridom, som han sjølvsagt har lov til. Vi gjorde det vi kunne for at han ikkje skulle ta den avgjerda, men det gjorde han altså, fortel Thomas Gammeltoft, direktør i Copenhagen Film Fund til avisa.

Han fortel vidare at instruktøren føretrekte den norske naturen.

– Han ville rett og slett ha det storslåtte landskapet, og halstørklet som flagre i vinden, for at det skulle sjå spektakulært ut, seier Gammeltoft.

Den Oscar-nominerte filmen har noregspremiere fredag 5. februar. Sjå kva Filmpolitiet på P3 synest om filmen her.

Traileren og nokre av klippa frå Sunnmøre kan du sjå her i traileren til filmen.