NRK Meny
Normal

No startar filminnspelinga i Geiranger

I Geiranger skal det denne veka spelast inn ein katastrofefilm. Bygdefolket er spente på om filmen er dårleg reklame for turistmagneten.

Geiranger er klar for katastrofefilm. I filmen slår ei kjempebølgje inn over turistbygda. I dag gjorde filmfolka siste finpuss før opptak.

Rundt 150 personar vil denne veka vere i Geiranger for å spele inn katastrofefilmen.

Det er Tafjordulukka i 1934 og faren for ny tsunami når Åkneset rasar ut, som er ideen bak landets første katastrofefilm. Geologar veit at det før eller seinare vil skje.

No er filmselskapet Fantefilm på plass i Geiranger for å lage filmen «Bølgen». 60 filmfolk frå seks ulike nasjonar vil sette sitt preg på turistbygda dei neste dagane. I tillegg kjem mellom 80 og 100 statistar.

– Vi har budd oss ei stund, så no er vi klare. I morgon startar vi opptaka, seier kameraassistent Radu Cioplea.

Fantefilm - Bølgen

Filmen Bølgen skal spelast inn i Geiranger denne veka.

Foto: Fantefilm

Startar tysdag

«Bølgen» er fiksjon, men med eit realistisk bakteppe. Kristoffer Joner spelar ei av hovudrollene, som geolog ved skredsenteret. Også Ane Dahl Torp har ei sentral rolle. Ho skal spele kona til Joner. I lang tid har filmselskapet arbeidd med å få på plass finansiering, skrive manus og finne dei rette skodespelarane. No er regissør Roar Uthaug glad for å kome i gong med innspelinga.

– I morgon brakar det laust. Då startar vi opptaka på storfilmen Bølgen og eg trur det vert ei god reklame for Geiranger. Bygda vil sjå nydeleg ut i filmen, seier Uthaug. Filmen har eit budsjett på om lag 50 millionar kroner.

Spente bygdefolk

Men folk i bygda er litt spente på det som skal skje, og om ein katastrofefilm blir dårleg reklame.

– Vi får sjå korleis sluttresultatet blir, seier Bengt Dalbergh, som driv Geiranger sjokolade.

Geir Gjørva meiner det er uvanleg å lage ein katastrofefilm om ei katastrofe som enno ikkje har skjedd.