Tala viser klart at rømming frå oppdrettsanlegg berre stig og stig. I 2005 rømte det totalt 700.000 laks frå norske anlegg. Dette er ei dobling frå året før.
Hittil i år er det rømt rundt 500.000 oppdrettslaks etter uveret i Nord-Norge.
I fjor forsvann like mange då eit oppdrettsanlegg havarerte i ein storm utanfor Tustna.
Alvorleg for villaksen
Akkurat no er det fleire hundre tusen oppdrettslaks som vil søkje mot norske lakseelvar og blande seg med villaksen. Det seier generalssekretær i Verdas Naturfond, Rasmus Hansson. Han seier dette er i ferd med å øydeleggje den norske villaksen
Senioringeniør i Fiskeridirektoratet, Axel Anfinsen, stiller nå spørsmål om det i det hele tatt bør drives oppdrett av laks langs kysten.
Tek sjølvkritikk
Laksenæringa har sjølv sett ned eit utval som skal jobbe for å bekjempe den massive rømminga av laks. Utvalsleiar Tarald Sivertsen vedgår at næringa lever på nåde med det han kallar samfunnskontrakten med resten av samfunnet. Han er klar på at dette må det gjerast noko med, dersom næringa skal forsvare sin eksistens på kysten.