Hopp til innhold

Opnar ombygd Molde politistasjon

Etter fem og ein halv månad med tilhald på lensmannskontoret i Fræna, opnar i dag Molde politistasjon i ombygde lokale.

Molde politistasjon

Molde politistasjon opnar igjen tysdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– No har me dei same funksjonane som me hadde tidlegare, berre at me har eit vesentleg større og ombygd areal, seier politistasjonssjef Per Karstein Røv og ynskjer publikum tilbake til politistasjonen.

– Me har no to kontor for kriminalvakta kvar publikum kan møte og forklare seg eller melde saker, seier han.

Fleire passkioskar

Per Karstein Røv

POLITISTASJONSSJEF: Per Karstein Røv er sjef ved Molde politistasjon og ynskjer no velkomen til gjenopna politistasjon.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Molde politistasjon under utbygging

UTBYGGING: Slik såg det ut ved Molde politistasjon under utbygging.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Etter at jobben med å utbetre politistasjonen dei siste månadane har blitt gjort, så vil politistasjonen igjen kunne hjelpe til med å fornye pass, og det med større kapasitet enn før.

– Me har to passkioskar per i dag. Me håpar på å få montert ein tredje kiosk også, slik at me då kan betene pass, utlendingssaker og forvarslingssaker i tre luker, seier Røv.

– Me håpar på å kunne ta imot publikum på ein god måte med eit ombygd bygg. Me har god ventilasjon og gode arbeidsforhold både for tilsette og for publikum, så det er godt å invitere publikum attende, seier han.

Står att arbeid

Det står att framleis arbeid på politistasjonsbygget i Molde, og når dette arbeidet er ferdig skal det vera endå betre plass.

– No er alle seksjonane og einheitane attende her på stasjonen, og det under litt andre og meir kummerlege arbeidsforhold når alt er ombygd, seier Røv.

– Det er nybygget og ordensavdelinga som står att, og det står ferdig i september, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL