Hopp til innhold

Politiet i Molde på flyttefot

Frå denne veka er det stengde dører ved politstasjonen i Molde. Bygget skal pussast opp, og dermed må stasjonen mellombels flytte ut. Men stasjonssjefen lovar at det ikkje skal gå ut over beredskapen.

Molde politistasjon bygges om

Molde politistasjon er under ombygging frå denne veka.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I fleire månader framover skal politiet sin ekspedisjon halde hus i Fræna og ikkje i Molde sentrum. Ein plakat i vindauget fortel om stengde dører.

Steinar Hjellnes, leiar for ordensavdelinga ved Molde politistasjon

Steinar Hjellnes er leiar for ordensavdelinga ved Molde politistasjon.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er framleis politifolk på vakt i sentrum heile døgnet, sjølv om ekspedisjonen er stengt. Det seier leiaren i ordensavdelinga, Steinar Hjellnes.

Han seier folk framleis kan ringe på, og er det ikkje folk inne, skal dei bli vidarekopla til Kristiansund der operasjonssentralen kan setje dei kontakt med ein patrulje.

Leiger lokale fleire stader

Per Karstein Røv, politistasjonssjef i Molde

Per Karstein Røv er politistasjonssjef i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Inntil vidare har dei som til vanleg jobbar ved stasjonen fått seg kontor andre stader. Medan ekspedisjonen og sivilseksjonen ligg i Fræna, held etterforskarane og stasjonssjefen hus i eit kontorbygg i Storgata. Men beredskapen skal uansett vere godt tatt i vare, seier stasjonssjef Per Karstein Røv.

– Den operative styrken har framleis tilhald på politihuset, seier han.

Han trur folk flest først og fremst vil merke at dei må til Fræna for å skaffe seg til dømes pass.

Krevjande byggeperiode

Teikningar, nye Molde politistasjon

Slik skal stasjonen sjå ut frå utsida etter ombygginga.

Foto: Kosbergs arkitektkontor

Målet med ombygginga er å få ein moderne stasjon som er tilpassa dagens krav til både lydnivå og spesialrom. For dei som skal jobbe på huset, blir det ein krevjande byggeperiode.

– No er det fullt kaos, her og arbeidarar over alt. Men det blir jo bra når dei er ferdige, så vi får tole det, seier Hjellnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL