Ønskjer ro rundt Gjemnes si framtid

Politikarane i Gjemnes ønskjer ro rundt spørsmålet om kommunen si framtid dei neste åra, etter fleire år med uvisse og konfliktar. Spørsmålet er om Gjemnes kan overleve som egen kommune på sikt, og senterpartiordfører Knut Sjømæling meiner moglegheitene er gode. – Vi har viktige føresetnadar for å kunne stå åleine vidare. Vi ligg midt i ein bu- og marknadsregion, vi klarer å skaffe gode fagfolk til dei fleste stillingar, vi har god og sunn økonomi og folketalsvekst, seier Sjømæling.

Knut Sjømæling
Foto: Anne Mari Flatset / NRK