Hopp til innhold

Denne gjengen kan få det ekstra tøft

Den nye regjeringa vil stoppe nedlegging av alle akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngjeve i pasientsikkerheit. Det kan gjere ting ekstra vanskeleg for eit økonomisk skakkøyrt Helse Møre og Romsdal.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal slit allereie nok som det er med å hente inn underskot. Eitt løfte frå den nye regjeringa kan gjere kuttinga vanskelegare enn tenkt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Regjeringa vil stoppe nedleggingar av akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngjeve med pasientsikkerheit og kvalitet, før nasjonal helse- og sjukehusplan er behandla.

Høgre/FrP-regjeringa sin politiske plattform

Regjeringa vil leggje ned dei regionale helseføretaka når det er utforma ein nasjonal helse- og sjukehusplan.

Høgre/FrP-regjeringa sin politiske plattform

Dei økonomiske utfordringa i Helse Møre og Romsdal er enorme, med eit underskot på heile 171 millionar for budsjettet i 2014 .

– Situasjonen er utruleg alvorleg, sa styreleiar John Harry Kvalshaug til NRK 23. september.

Dei allereie mange tiltaka har ikkje gjort like mykje som håpt og tenkt, og helseføretaket må på ny fram med høvelen.

Sist ut var forslaget for pediatrigruppa (sjå faktaboks i høgremargen). Å legge ned den døgnopne sengepasten på barneavdelinga i Kristiansund var eitt alternativ.

Slike tiltak kan bli vanskelegare med blåblå regjering – i alle fall fram til den bindande helseplanen blir lagt fram.

– Utfordringar rundt korleis staten vil finansiere

Måndag kveld prata NRK med styreleiar Kvalshaug igjen. Han er klar på at ein inntil vidare må ha is i magen.

John Harry Kvalshaug

John Harry Kvalshaug, styreleiar i Helse Møre og Romsdal, rosar den nye regjeringa for å gå inn for ein bindande helseplan. Samstundes er han svært spent før planen blir klar.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi må få tid til å fordøye det som kjem og få det utdjupa. Regjeringa vil nok kom med styrande dokument og instruksar som blir førande for oss.

Han seier kuttforslaga, mellom anna ved barneavdelinga i Kristiansund, ikkje berre er økonomisk grunngjeve.

– Det er òg grunngjeve i at vi slit med å få fagfolk på plass. Men det er klart; totaldelen er også økonomisk, utan tvil.

– Dersom den nye regjeringa vil stoppe all nedlegging av funksjonar som ikkje er grunngjeve i pasientsikkerheit, må det då langt større økonomiske overføringar til?

– Det må kome ein heilskapleg pakke, og vi må ta signala som kjem. Vi ser òg at det kanskje kjem heilt nye styringslinjer for sjølve helseføretaket, seier Kvalshaug.

Vidare slår han fast at den økonomiske utfordringa i 2014 er enorm, og ikkje innsparingar berre økonomisk grunngjeve, kan skape trøbbel.

– Det er ein del utfordringar rundt korleis staten vil finansiere helseføretaket. Om vi ikkje kan gjennomføre noko form for strukturering eller effektivisering, så det kome friske pengar medan vi ventar på den nasjonale helseplanen.

Vidare rosar styreleiaren den nye regjeringa for å ville binde seg til ein helseplan.

– Ein bindande helseplan er noko vi har etterlyst i alle regjeringar framover.

Rosar satsing på psykiatri og rus

Litt nervøs for framtida til Helse Møre og Romsdal, men svært positiv til meir enn berre ein komande bindande helseplan.

– Eg er veldig glad for det tydelege signalet om satsing på psykiatri og rus, noko som blei sagt frå begge regjeringspartar i kveld. Det er eit felt vi får store utfordringar på også framover, seier Kvalshaug til NRK.

No ser han fram til fleire detaljar om både organisering av helseføretak, sjukehus, overføringar og eventuelle kutt.

– Eg er realistisk oppe i det heile. Eg meiner at når ei regjering går så tungt inn, så må vi få sjå heilskapen. Eg reknar med det er mange bakanforliggjande ting, avsluttar styreleiaren i Helse Møre og Romsdal.

Kvalshaug, Gahr Støre og Eidsvik

John Harry Kvalshaug (t.v.) og administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, saman med noverande helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Om ikkje lenge får Noreg ein ny helseminister, anten frå Høgre eller Framstegspartiet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL