Hopp til innhold

Ventar at det vert bråk om sjukehusopgåver

Hausten 2014 vert det avgjort kva dei fire sjukehusa i fylket skal tilby av tenester. I dag vert arbeidet med å fordele oppgåver sett i gong.

Hausten 2014 vert det avgjort kva dei fire sjukehusa i fylket skal tilby av tenester. I dag vert arbeidet med å fordele oppgåver sett i gong.

I dag vart arbeidet med fordeling av sjukehusoppgåver sett i gong.

Helse Møre og Romsdal skal gjennom ein stor prosess der oppgåvene på dei fire sjukehusa i Molde, Kristiansund, Volda og Ålesund skal fordelast. I dag vedtok styret å sette i gong arbeidet. Deadline er hausten 2014.

Trine Sevaldsen

Trine Sevaldsen trur det vert eit krevande år.

Foto: Trond Vestre / NRK

I første omgang er det kirurgi og ortopedi, psykisk helse, rehabilitering og unge og barn som skal under lupen.

Krevande

Trine Sevaldsen fra Kristiansund er tilsettrepresentant. Ho trur det komande året vert krevande. Det har vore mykje diskusjon i Nordmøre og Romsdal om sjukehus og Sevaldsen understrekar at no handlar debatten om sjukehustilbodet i heile fylket.

– Eg trur ikkje heilt at folk har tatt inn over seg at dette også gjeld dei på Sunnmøre. Å sjå totalbiletet kan bli ganske utfordrande, trur Sevaldsen.

LES OGSÅ:

Utfordrande

Også styreleiar John Harry Kvalshaug trur det vert ein utfordrande prosess. Alle tal og fakta som vert lagt fram skal vere rett. Tidsfristen er knapp og styret må passe på at alle partar får kome til orde.

– Det skal godt gjerast at vi kjem gjennom dette utan ein del uro, men eg håper debatten går på korleis få det beste faglege tilbodet for innbyggjarane, seier Kvalshaug.

Spare pengar

Kirsti Slotsvik

Kirsti Slotsvik meiner at dette er ein måte å spare pengar på.

Foto: Trond Vestre / NRK

Styremedlem Kirsti Slotsvik trur at å gå gjennomfunksjonsfordelinga til sjukehusa er einaste måten å spare pengar på.

– Dersom vi ikkje tar økonomien på alvor, vil vi slite med kvaliteten også, seier Slotsvik.