Hopp til innhold

Dei sjukaste borna kan måtte flytte til Ålesund

Kristiansund kan bli utan døgnopen sengepost for born. Dermed kan dei sjukaste borna måtte reise til Ålesund eller Trondheim.

Kristiansund sykehus

Helse Møre og Romsdal er i ei økonomisk knipe og må spare pengar. Det kan gå utover barneavdelinga i Kristiansund.

Foto: NRK

Ei barneavdeling i Kristiansund som kun er opa om dagen er eitt av forslaga til ei arbeidsgruppe for born og unge, som har sett på funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.

Om styret går inn for forslaget, må dei sjukaste borna til Ålesund.

Stramme innsparingar

Helse Møre og Romsdal har store økonomiske utfordringar og må spare pengar for å kunne finansiere eit nytt fellessjukehus i Nordmøre og Romsdal.

Frå i sommar har fire ulike grupper sett på funksjonsfordelingar innan klinikkar og fagområde i helseføretaket. Ei av dei er pediatrigruppa, der klinikksjef for born og unge i Helse Møre og Romsdal, Ove Økland, sit.

– Det må omstillast over alt, for det er ikkje til å stikke under ein stol at økonomi må til for at ein skal kunne få til eit nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Sjuke må reise

Ove Økland

Klinikksjef Ove Øvland seier at ein del born kan bli nøydde til å reise for å få behandling.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Helse Møre og Romsdal legg vekt på at det er eit omfattande arbeid som ligg bak rapporten som gruppa for born og unge no har lagt fram.

Klinikksjef Økland vil ikkje seie noko om kva alternativ han synest er best, med vedgår at alternativ to, der Kristiansund misser det døgnopne tilbodet sitt, kan vere negativt for somme.

Alternativet betyr i praksis at dei sjukaste borna må til Ålesund eller Trondheim.

– Det vil vere nokon som må flyttast over. Det negative er at her vil vere ein del born som må reise lenger, seier Økland.

No skal forslaga gjennom ein omfattande prosess med drøftingar. Planen er at styret i Helse Møre og Romsdal vil ta ei avgjerd innan året er omme.