Hopp til innhold

Fryktar konsekvensane om døgnopen barneavdeling blir lagt ned

Helse Møre og Romsdal vurderer å gå heilt vekk frå døgnopen barneavdeling på sjukehuset i Kristiansund, då millionar må sparast. Det forargar fleire småbarnsforeldre.

Stine Resell

Barnemor Stine Ressel fortel at reise frå Tingvoll til Ålesund kan bli svært kritisk om dottera Sara blir sjuk. Sara blei fødd prematurt og er ofte på sjukehus.

Foto: Privat

– Dei som foreslår at det skal vere éi døgnopen barneavdeling i fylket, veit ikkje korleis det er å leve med eit sjukt barn som er avhengig av kort reiseveg til legen.

Det seier Stine Resell, mor til ei to år gammal jente med kraftig epilepsi. Familien Resell bur på Tingvoll, og likar ikkje at det no kan bli aktuelt å byggje ned barneavdelinga i Kristiansund.

– Det synest eg er heilt forferdeleg mot oss som er heilt avhengige av den, og avhengige av kveldsvakter og nattvakter når vi kjem. Vi veit aldri når noko skjer, fortel Resell.

Hyppige sjukehusbesøk etter prematur fødsel

Sara Resell

Sara Resell er ofte innom barneavdelinga på sjukehuset i Kristiansund.

Foto: Privat

Dottera til Stine Resell, Sara, blei fødd for tidleg – prematurt. Etter 13 dagar fekk Sara mange epilepsianfall, og mor og dotter blei sende til Ålesund.

– Der låg vi i vel halvannan månad, og då ho kom heim heldt epilepsien fram og ho byrja å kaste opp maten, seier mora.

Jenta fekk lagt inn sondar for å få næring, og familien måtte fram og tilbake mellom Tingvoll og Kristiansund sjukehus då sonden blei riven opp.

– Til slutt fekk ho knapp på magen til næring. Men det har blitt mange turar att og fram, med anfall og forskjellige sjukdomar. Sjukdomane gjer at ho treng ny medisin med utprøving i samarbeid med barnehabilitering og ernæringsfysiologar, fortel Resell.

Per no føler familien seg svært godt ivaretekne. Resell meiner alle på Kristiansund sjukehus veit korleis situasjonen til dottera og familien er.

Saka held fram under videoen.

Det døgnopne tilbodet ved barneavdelinga i Kristiansund kan bli lagt ned, som følgje av innsparingar. Eit slikt vedtak vil bety at kronisk sjuke barn på Nordmøre må til Ålesund eller Trondheim.

Sjå TV-saka om temaet frå nyheitssendinga onsdag.

Smertegrense

Bodil Telstø

Bodil Telstø har ein son med svært alvorleg epilepsi.

Foto: Privat

Om familien no må til Ålesund – eller Trondheim – for å få hjelp, kan situasjonen bli svært vanskeleg.

– Det er eigentleg for langt til sjukehus allereie, men eg skjønar sjølvsagt at det ikkje kan vere sjukehus på Tingvoll. Men Kristiansund er det lengste vi kan køyre, seier Resell til NRK.

Med alvorlege situasjonar på nattetid klarer ikkje småbarnsmora å sjå korleis dei skal få køyrt til Ålesund.

Bodil Telstø har òg eit barn som ofte er innom Kristiansund sjukehus og barneavdelinga. Ho fortel det kan vere snakk om minutt når situasjonen til sonen blir alvorleg.

– Han har ei svært alvorleg form for epilepsi, og den har gjort at han har blitt hjerneskadd. Han har kjempeproblem med å kommunisere om han har vondt, så vi er veldig avhengige av medisinsk personell som kjenner han og veit diagnosane bak.

– For born kan det dreie seg om minutt, og i vår situasjon er det i alle fall snakk om minutt. Å reise halvannan time med ambulanse, med eit born i GTK (generaliserte toniske-kloniske anfall, krampeanfall) ville ikkje vi teke sjansen på, seier Telstø.

Barneavdeling

Barneavdelinga i Kristiansund kan bli open berre på dagtid som del av eit innsparingstiltak.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Blir redd og deprimert

Telstø og sonen har vore inn og ut av sjukehuset i Kristiansund dei siste 10 åra. Ho likar svært dårleg forslaga til Helse Møre og Romsdal (sjå faktaboks i sidespalta).

– Eg blir redd og eg blir deprimert, for det gjer noko med heile livssituasjonen. Situasjonen for heile familien vår blir veldig usikker.

Flytting blir fort einaste alternativ om den døgnopne barneavdelinga blir ofra i innsparingstiltak.

– Vi er heller ikkje den einaste familien. Eg veit om fleire andre som er i nær tilsvarande situasjon, og som vil ha kjempeproblem om barneavdelinga blir flytta. Ein må rett og slett vurdere å flytte.

Åge Austheim

Åge Austheim, tillitsvald i Yngre legers forening, meiner det er uakseptabelt å gjere om barneavdelinga i Kristiansund til ein dagpost.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Meiner avstanden blir for stor

Åge Austheim, tillitsvald i Yngre legers forening, meiner avstandane blir alt for store til at eitt døgntilbod for born er nok i Møre og Romsdal.

– Vi er negative til å byggje ned barneavdelinga i Kristiansund, for vi meiner det trengst eit døgntilbod der også i framtida. Vi meiner born bør ha den same moglegheita til ein akseptabel reiseveg som det vaksne har, seier Austheim til NRK.

Han meiner behandlingskvalitet og opplevd kvalitet, for både pasientar og pårørande, er det viktigaste argumentet mot nedlegging.

– I tillegg legg vi vekt på at om tilbodet no blir bygd ned, så er det langt vanskelegare å få bygd det opp igjen på kort tid inn i eit fellessjukehus.

– Vi trur både økonomisk og fagleg at det er best å halde på døgntilbodet som er i dag. Det er snakk om små innsparingar, avsluttar Austheim.

Astrid Eidsvik

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, forstår kritikken.

Foto: Remi Sagen / NRK

«Går gjennom alle delar av verksemda»

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, seier i ein skriftleg uttale at helseføretaket forstår reaksjonane frå Kristiansund.

– Også barn og unge skal ha eit forsvarleg og godt tilbod. Vi går gjennom alle delar av verksemda vår, og det er forståeleg at diskusjon om dette tilbodet engasjerer sterkt.

Eidsvik skriv at rapporten er lagt fram utan tilråding.

– Framover vil det vere ein grundig prosess der ein går gjennom modellane i ulike organ før saka blir avgjort av styret, avsluttar direktøren.

– Forstår ikkje vitsen

Småbarnsforeldra i Kristiansund meiner derimot at nedlegging av døgnopen barneavdeling ikkje bør vere eit alternativ.

– Eg meiner eigentleg at det burde vere barneavdeling i kvar av dei store byane, seier Bodil Kolstø.

Stine Resell meiner ein bør kutte heilt andre stadar når økonomien er skral.

– Eg kan ikkje forstå at alle skal bli flytta til andre stadar og sjukehus. Eg forstår ikkje vitsen eller nødvendigheita med forslaget.