Hopp til innhold

Nytt håp for Vigra Kringkastar

Tysdag vart det bestemt at rivingsløyvet til bygningane ved Vigra kringkastar blir lagt på is til etter jul.

Vigra kringkaster med hus og mast år 2009.

Vigra kringkastar med husa før masta blei riven. No er det nytt håp for å bevare dei historiske bygningane.

Foto: NRK

I mars i år sa Riksantikvaren nei til å frede bygningane ved Vigra Kringkastar, og det var dermed fritt fram for Telenor å rive bygningane.

Vigra kringkaster.

Kringkastingsbygga på Vigra har ei lang og innhaldsrik historie.

Foto: NRK

No er vedtaket lagt på vent etter eit møte mellom dei involverte partane tysdag.

– Vi skal no prøve å sjå om det er mogleg å sikre anlegget og vi har difor fått ei utsetting på rivingssøknaden frå Telenor til etter jul, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad.

– Alle partane i saka er i utgangspunktet positive til å bevare bygningane, men det er nødvendig å få på plass ei sikkerheit slik at ingen blir sittande igjen med store utgifter i framtida, held han fram.

Fleire må bidra

Fylkeskonservatoren fortel at dei vil bruke tida fram mot jul til å blant anna gjere ein tilstandsvurdering av bygningane.

Bjørn Ringstad

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi må finne ut kva det vil koste å ta vare på bygget I tillegg må vi prøve å få på plass avtalar som er akseptable for alle dei involverte partane, seier Ringstad.

Ifølgje Ringstad er fylkeskommunen i utgangspunktet positive til å få til ei løysing ved Vigra kringkastar, men at ein må gjere undersøkingar for å sjå om det vil vere mogleg å bevare bygningane.

– Først og fremst må vi finne ut om bygningane er liv laga. I tillegg er fylkeskommunen avhengig av at andre partar bidreg til å drifte Vigra kringkastar. Det er ikkje mogleg for fylkeskommunen å drifte bygningane aleine, men vi kan hjelpe til både praktisk og økonomisk, seier Ringstad.

– Vigra kringkastar er ein viktig del av historia, så om det er partar vi kan spele på for å få hjelp til å drifte bygningane så er det viktig. Dette gjeld både for å sette bygningane i stand og for å drive det, held han fram.

Ønskjer avklaring

Det er Telenorselskapet Norkring som har stått som eigar av dei historiske bygningane ved Vigra.

Ingrid Dietrichson

Ingrid Dietrichson i Norkring.

Foto: Bo Mathisen / Copyright Norkring AS

– Vi har heile tida hatt eit utgangspunkt i vårt ansvar og dei forpliktingane vi har ovanfor grunneigar og hans ønskjer. For oss har det vore viktig å finne ei god løysing på situasjonen rundt bygningane ved Vigra Kringkastar, seier Ingrid Dietrichson i Norkring.

Ho seier vidare at dei stiller seg positive til vidare drift av bygningane dersom det blir lagt ein god plan for det, men at dei ikkje ønskjer å ha ansvaret for bygget og har heller ikkje anledning til å delta driftsmessig.

– Alle våre tenester er avvikla på Vigra og vi ønsker ei avklaring. Vi har sagt oss villige til å bidra med ein eingongskompensasjon på den summen det ville koste for oss å rive og gjere i stand området, men vi ønskjer ikkje eigarskap eller å vere forplikta til vidare drift i framtida, seier Dietrichson.

– Men dersom nokon andre krefter er villige til å gjere det, så er vi positive til det. Det er også noko av grunnen til at vi har gått med på å vente med rivinga, held ho fram.

– Ein gledas dag

Venneforeininga for Vigra Kringkastar tel eit trettital medlemmer. I meir enn 10 år har dei, med leiar Jon Hildre og initiativtakar Turid Røsvik i spissen, kjempa for å få til eit museum i bygningane. Dei var fornøgd med dagens vedtak.

Jon Hildre

Leiar i Venneforeininga for Vigra Kringkastar, Jon Hildre.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette er svært positivt og ein gledas dag. Det er framleis mykje som må på plass, men det er ei gledeleg nyheit for vår del, seier Hildre.

Han fortel at venneforeininga ser på dette som ei god moglegheit for å kome seg vidare med planane for Vigra Kringkastar. Han meiner at aktørar som Telemuseet, Riksantikvaren og NRK bør involvere seg i prosjektet.

– Det vil no bli sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med dette, og så skal vi prøve å hjelpe til med å finne aktørar som kan kome med midlar til eit eventuelt museet, seier Hildre.

Gamle instrument ved Vigra Kringkastar

Gamle måleinstrument ved Vigra Kringkastar.

Foto: Remi Sagen / NRK