NRK Meny
Normal

Tryglar om hjelp til å berge nasjonal skatt

Det er no fritt fram for Telenor å rive bygningane ved Vigra Kringkastar etter at Riksantikvaren har sagt nei til å frede dei. Men venneforeininga vil ikkje gje opp draumen om eit nasjonalt museum. No tryglar dei om hjelp frå Stortinget og kommunen.

Turid Røsvik

Turid Røsvik og dei andre forkjemparane for vern av Vigra Kringkastar har fått eit tilbakeslag med nei til freding frå Riksantikvaren.

Foto: Remi Sagen / NRK

Venneforeininga for Vigra Kringkastar tel eit trettital medlemmer. I meir enn 10 år har dei, med leiar Jon Hildre og initiativtakar Turid Røsvik i spissen, kjempa for å få til eit museum i bygningane.

Forkjemparane for vern har sett sin lit til at Riksantikvaren skulle frede kringkastaren, men slik gjekk det altså ikkje. Riksantikvaren konkluderte sist veke med at bygningane ikkje har nasjonal verdi.

Jon Hildre

Leiar i Venneforeininga for Vigra Kringkastar, Jon Hildre.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eit siste håp

Leiar i venneforeininga, Jon Hildre, vil ikkje vere med på at dette er spikaren i kista for draumen om museum, men vedgår at situasjonen er svært alvorleg. Siste moglegheitene er å få omgjort Riksantikvaren sitt vedtak eller å få Giske kommune til å ta over bygga.

– Tek kommunen over kan det bli telemuseum og krigsmuseum her, seier Hildre, som kallar seg sjølv ein superoptimist.

Pål Farstad blir vist rundt av Turid Røsvik

Pål Farstad let seg imponere av alt som finst ved Vigra Kringkastar. Her blir han vist rundt av Turid Røsvik.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Må hindre riving

I dag hadde dei skaffa besøk av stortingsrepresentant Pål Farstad (V) i håp om at han kan skaffe hjelp frå Stortinget. Etter å ha fått omvising og innføring i forkjemparane sine planar om både nasjonalt kringkastingsmuseum og kanskje også krigsmuseum og fiskerimuseum har Farstad fått trua.

Vigra Kringkastar

Pål Farstad, Jon Hildre, Britt Giske Andersen og Turid Røsvik framfor 100 kW-sendaren som var i bruk til 2011.

Foto: Remi Sagen / NRK

– No må vi i første omgang hindre at bygningane blir rivne, seier Farstad, som lovar å ta med seg saka tilbake til gruppa si i Stortinget og prøve å finne måtar å gå fram på for å ta vare på Vigra Kringkastar.

– Eg synest det er litt råflott om ein skal rive dette når ein har så mykje materiale her som er vel verd å vise fram.

Gamle instrument ved Vigra Kringkastar

Gamle måleinstrument ved Vigra Kringkastar.

Foto: Remi Sagen / NRK