Hopp til innhold

Framtida til Vigra Kringkastar kan bli avgjort tysdag

Kringkastingsanlegget på Vigra rommar både krigshistorie og radiohistorie. Framtida til Vigra Kringkastar kan bli avgjort på eit møte tysdag.

Vigra kringkaster med hus og mast år 2009.

Vigra kringkastar med husa før masta blei riven. No vil Telenor også fjerne bygningane.

Foto: NRK

Det skriv Smp.no.

I mars sa Riksantikvaren nei til å frede bygningane ved Vigra Kringkastar, og det var dermed fritt fram for Telenor å rive bygningane.

Venneforeininga for Vigra Kringkastar har likevel ikkje gitt opp kampen om å gjere bygningane om til eit nasjonalt museum.

– Vigra Kringkastar hadde nasjonal betydning. Derfor bør nasjonale institusjonar vere med på å bevare det historiske bygget og gjere det til eit levande museum, seier Jon Hildre i venneforeininga for Vigra Kringkastar til avisa.

Telenor vil rive bygget

Mellombølgesendingane frå Vigra kringkastar har spelt ei viktig rolle for mange sidan den blei sett i drift i 1935. I samband med krigsutbrotet blei sendaren rekna som den viktigaste i landet, før den blei bomba som eit strategisk viktig mål i mai 1940. i 1948 blei den gjenoppbygde stasjonen opna av kong Haakon.

Den 232 meter høge masta er borte, men framleis står bygga igjen etter kringkastaren. Venneforeininga har dei siste 20 åra samla ei rekkje objekt for å dokumentere historia til sendaren og jobba for å etablere eit permanent museum i anlegget.

I november 2014 vart det klart at Telenor vil rive dei historiske bygningane på Vigra.

Tysdag skal det ifølgje Sunnmørsposten vere eit møte om framtida for bygningane. Det er enno uklart om eigaren av bygget, Norkring, kjem.

Fylkeskonservatoren, som har vore med på å kalle inn til møtet, håper at siste ord i saka ikkje er sagt.

– Riksantikvaren har signalisert at dei nasjonale verneverdiane ikkje er så store at anlegget er i fredingsklassen. Det betyr likevel ikkje at dei nødvendigvis meiner anlegget ikkje har ein viss nasjonal verdi, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad til avisa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL