Det har lenge vore planar om å bruke utstyret på Vigra til eit større museum.
Foto: Besnik Zogaj / NRK Selskapet ønskjer å rive bygga og har sendt ut nabovarsel om dette.
Striden står om to bygg der den karakteristiske Vigramasta stod. Masta var eit landemerke på Sunnmøre, men blei riven i 2011, men dei tilhøyrande bygga står framleis og har vore planlagt som museum for kringkastingshistioria.
No har Telenor altså avgjort at dei ikkje vil prioritere prosjektet, og protestane har ikkje late vente på seg. Støbakk seier han er overraska over Telenor sitt standpunkt.
Ordførar Knut Støbakk i Giske meiner Telenor må ta meir ansvar.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK– Eg syns det er forferdeleg trist at den historia Vigra Kringkaster har hatt både som krigshistorie og som radiohistorie ikkje skal vere verd noko som helst, seier Støbakk til NRK.
- Les også:
– Ikkje viktig nok
Jørgen Thaule er direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar Telenor Broadcast.
Foto: TelenorTelenor har tidlegare signalisert at dei har vore interesserte i å jobbe for eit museum i dei gamle bygga, men har no altså snudd. Jørgen Thaule i Telenor Broadcast seier dei må prioritere.
– Vi har våre eigne fagfolk til å vurdere dette og vi har ei lang prioriteringsliste. Og Vigra er ikkje på den lista, så enkelt er dette for oss, seier Thaule.
Fylkeskonservatoren har frå før uttalt at dei eroverraska over at Telenor vil rive bygga dei tidlegare har rekna som verneverdige. Formannskapet i Giske har sagt at dei ikkje vil gi løyve til riving før Riksantikvaren har sett på saka.