Norkring, som eig bygget har i lengre tid ønskt å rive Vigra kringkastar, og har søkt om rivingsløyve hos Giske kommune. Rivingsløyvet er førebels lagt på is til etter jul, mellom anna fordi fylkeskonservatoren skal vurdere tilstanden til anlegget på nytt.
Riksantikvaren har tidlegare avvist freding av Vigra kringkastar. Men no har altså Norsk Telemuseum på Kjelsås sett på saka. Dei deler oppfatninga til Sunnmøre museum og veneforeininga, som meiner at her er det både krigs- og kringkastingshistorie som er verdt å ta vare på.
- Les også:
Radio- og krigshistorie
Etter den tyske invasjonen i 1940, opererte Vigra-sendaren som fri sendar lengst av alle norske sendarar før han blei bomba 15. april. For om lag fire år sidan blei mellombølgesendaren på Vigra stengt, og då blei også den 227 meter høge radiomasta sprengt bort.
Likevel står det igjen mykje, men også veneforeininga ser at det kostar å bevare og ikkje minst drifte bygningar og utstyr. Men med Telemuseet på banen så trur direktør Ivar Gunnar Braathen ved Sunnmøre Museum at det kan vere enklare å skaffe pengar.
– Vent med rivinga
– Det er meir optimisme no, når ein så tung instans ser at Vigra kringkastar ikkje berre har lokale men også nasjonale verdiar som er verdt å ta vare på.
Seinare denne veka skal Norsk Telemuseum i møte med Norkring. Då er målet i første omgang nok ein gong å få utsett rivinga.
– Det trengst eit års tid til å bygge opp ein drifts- og finansieringsmodell som held, seier Braathen. Han set no sin lit til at engasjementet frå Norsk Telemuseum skal overtyde Norkring om at det framleis kan vere liv laga for Vigra kringkastar.