Hopp til innhold

NVE justerer ned farenivået ved Mannen

Nysnø i fjellet gjer at bevegelsane i fjellpartiet Veslemannen har blitt noko redusert. NVE justerer difor ned farenivået til gult og dei evakuerte får flytte heim igjen.

Fjellet Mannen i Rauma

Tysdag morgon justerer NVE ned farenivået ved fjellet Mannen i Rauma. Søndag blei bebuarane under fjellet evakuert for 12 gong på fem år.

Foto: Terje Reite / NRK

Måndag kveld blei det noko kaldare ved fjellet Mannen i Rauma og tysdag morgon låg det nysnø i fjellet. Bevegelsane i det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen hadde i 07.00-tida ei døgnhastigheit på 80 millimeter i øvre del og ti millimeter i nedre.

Fjerner sperringen til det evakuerte området ved Mannen

Her vart vegen opna inn til det evakuerte området under fjellpartiet Mannen tysdag føremiddag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Hastigheita i bevegelsane var ganske store i går kveld, men utover natta og i dag ser vi ein tydeleg trend der bevegelsane minkar, seier vakthavande geolog Gudrun Dreiås Majala i NVE.

Gudrun Dreiås Majala (NVE)

Geolog Gudrun Dreiås Majala i NVE seier det truleg blir fleire evakueringar i løpet av 2019.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ettersom det ikkje kjem vatn til fjellpartiet har hastigheitene blitt noko reduserte. I 09.20-tida melder NVE at hastigheita er rundt 70 millimeter i døgnet i øvre del av fjellpartiet og rundt 10 millimeter i frontpartiet.

Det er meldt kaldt dei neste dagane, og at nedbøren i hovudsak skal komme som snø. Dette er bakgrunnen for at NVE no justerer ned farenivået.

– Kan farenivået bli oppjustert innan kort tid?

–Det er vanskeleg å seie, men vi overvaker farenivået fortløpande. Vi må sjå an dei neste dagane, men akkurat no er det snø og minusgrader ved Mannen, seier Majala. Ho seier vidare at det er vanskeleg å seie kor mange oppjusteringar det vil kunne bli seinare i år.

– Men det er nok dessverre ikkje siste gong det blir raudt farenivå i 2019.

Sjå timelapse frå Mannen her. Foto: Øyvind Sandnes/NRK.

– Vil ikkje flytte

Søndag kveld blei dei 11 innbyggjarane ved Veslemannen evakuerte igjen då farenivået blei sett til raudt. Dette er første året at farenivået har blitt heva til raudt så tidleg på året. Den tidlegaste evakueringa tidlegare år har vore i august.

Lars Olav Hustad

NVE sine planar om ein sikringsvoll ved foten av Mannen er eit lyspunkt for bebuarane under flette, seier Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Sidan 2014 har farenivået ved Mannen blitt oppjustert til raudt 12 gonger. Men trass dei mange evakueringane vil ikkje bebuarane i faresona flytte. Fylkesmannen har tidlegare diskutert å kjøpe ut husstandane under Veslemannen. Men det var ikkje felles interesse frå bebuarane om å gå vidare med dette.

Dersom det ikkje går eit omfattande skred frå fjellpartiet denne sommaren og hausten vil NVE setje i verk tiltak vinteren/våren 2020. NVE vurderer no om det kan etablerast ein sikringsvoll ved foten av fjellet.

Dei mange evakueringane i området dei siste åra har vore ei stor belastning for bebuarane, seier Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma.

– Det er dette som gjer at bebuarane no ser eit lys i enden av tunnelen. Dersom raset ikkje går i år, så kan dei få bu heime neste år om det blir same situasjonen då. Så dette er lyspunktet opp i alt det andre, seier han.

Varierande bevegelsar

Bevegelsane i fjellpartiet Veslemannen har variert noko det siste døgnet. Måndag kveld var den om lag 6 centimeter i døgnet i øvre del og 0,8 centimeter i frontpartiet. Dette er om lag det same som når farenivået blei heva på søndag.

Fjellet Mannen

Det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma.

Foto: NVE

Bevegelsane i fjellet har vore store dei siste dagane, trass i at det er så tidleg i sesongen. Det er store nedbørsmengder som gjer fjellet ustabilt. Tysdag morgon seier geolog Ingrid Skrede i NVE at det kan vere fleire årsaker til at bevegelsane kjem tidlegare i år enn før.

– Det var jo ikkje så mykje tele i fjor. Men vi ser jo også at bevegelsane blir større og større, noko som tyder på at fjellet blir meir ustabilt.

Det gjekk fleire steinsprang frå fjellet måndag, men det har kome mindre nedbør enn det som var meldt. I 2018 melde geologane at det var usikker om fjellpartiet ville dette ned i mindre bitar eller i eit større ras.

– Det har vore større og mindre steinsprang også i år, så det kjem ein del. Men det er framleis ein god del igjen, seier Skrede.

Mannen ny

Sjå direkte frå fjellet Mannen i Rauma.

Les alt om Mannen her: