Hopp til innhold

Vurderer sikringsvoll under Veslemannen

Enorme mengder stein kan falle frå Veslemannen og skade både gardsbruk, menneske og dyr. No vurderer NVE om det kan etablerast ein sikringsvoll ved foten av fjellet.

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. De fire siste årene har deler av fjellet flyttet seg flere meter!

Ingen veit når det kjem noko ras frå fjellet Mannen. Men geologane reknar det som sikkert at det kjem til å skje før eller seinare. Det mest rasfarlege partiet har fått namnet Veslemannen.

Det rasfarlege partiet Veslemannen består av mellom 120.000 og 180.000 kubikkmeter stein. Sidan hausten 2014 har bebuarane under fjellet blitt evakuerte 11 gonger. I periodar har europavegen og jernbanestrekninga gjennom dalen vore stengd.

Rauma kommune har oppmoda NVE om å kome med varige løysingar. Og no blir arbeidet med å utvikle ein sikringsvoll blitt prioritert.

– Vi vurderer å etablere ein sikringsvoll. Det må imidlertid brukast meir tid på den tekniske løysinga og på faglege analysar av tiltaket, seier seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra til NRK.

Seksjonssjef Lars Harald Blikra

Seksjonssjef Lars Harald Blikra seier det er realistisk å byggje ein voll som skal ta imot og spreie massane som kjem ned fjellsida når skredet frå Veslemannen blir utløyst.

Foto: Henrik Skolt / NTB scanpix

Dersom det ikkje går eit omfattande skred frå fjellpartiet denne sommaren og hausten vil NVE setje i verk tiltak vinteren/våren 2020.

Dei mange evakueringane i området dei siste åra har vore ei stor belastning for bebuarane. Dei har vore nøydde til å finne midlertidig stad å bu. Også husdyra har blitt tekne ut av det skredfarlege området.

– Tanken bak sikringsvollen er å gjere situasjonen for dei som har vore evakuerte betre. Bebuarane har vore utsett for store belastningar med mange evakueringar. No vurderer vi om det er mogleg å stoppe og leie skredet vekk frå gardsbruket, seier Blikra.

Det er store mengder stein som vil kome om heile Veslemannen-partiet rasar på ein gong. Dermed blir det også store dimensjonar på ein eventuell sikringsvoll.

– Det kan bli eit stort skred. Men det er også ganske stor avstand der masse blir avsett før det kjem heilt ned. Vi meiner skredvoll er eit realistisk tiltak. Men vi må vere heilt sikre på at vi dimensjonerer vollen både sterk nok, høg nok og lang nok. Målet er at vollen skal ta i mot og leie vekk skredet, seier Blikra.