Under jazzfestivalen i 2000 hadde Corea det som blei kalla for ein mirakelkonsert. Denne gjentok han i ein ny versjon hausten fem år seinare, då saman med Trondheim Jazzorkester, som han har arbeidd mykje saman med.
Chick Corea feirar 75 på Moldejazz
I 2007 måtte det ekstrakonsert til då Chick Corea og vibrafonisten Gary Burton deltok på Moldejazz, og to utselde Bjørnsonhus tok imot musikarane med stor glede.
Festivalsjef Hans-Olav Solli er glad for at Chick Corea kjem til Moldejazz neste år.
Foto: Gunnar Sandvik/NRKTysdag 19. juli er han igjen på plass i Bjørnsonhuset i forbindelse med ein kort Europaturné for å markere at pianisten fyller 75 år i 2016. Konserten er ein av berre fem konsertar som Corea gjer med bandet sitt i Europa denne sommaren.
Andre artistar han har hatt eit nært samarbeid med er Stan Getz, Herbie Hancock og Miles Davis. Sistnemnde blir hylla i prosjektet «Homage to Heroes» på Bjørnsonhuset 19. juli.
Festivalsjef Hans-Olav Solli fortel at Moldejazz er glad og æra over å vere blant dei få utvalde, og ser det som eit uttrykk for Coreas spesielle forhold til ein festival han har gjesta ein rekke gonger.
– Spesielt under sitt vekelange opphald i 2000 knytte Corea sterke band både til byen Molde, festivalen og det norske jazzmiljøet, skriv Solli i ei pressemelding.
- Les også:
Litt om programmet
Lars Vaular skal ha klubbkonsert i Teatret Vårt.
Foto: Mattis Folkestad / NRK P3Frå før er det klart at Ola Kvernberg frå Fræna skal vere artist in residence under Molde Internasjonale Jazzfestival, som blir arrangert i veke 29 som vanleg.
Jaga Jazzist skal avslutte festivalen, medan Solveig Slettahjell og Knut Reiersrud skal ha konsert i Molde Domkyrkje, og Lars Vaular skal ha klubbkonsert i Teatret Vårt.
- Les også: