Hopp til innhold

– Dette er ei stor ære

Jazzfiolinisten Ola Kvernberg frå Fræna blir neste års «Artist in Residence» under Moldejazz.

Ola Kvernberg

Jazzfiolinisten Ola Kvernberg frå Fræna blir neste års «Artist in Residence» under Moldejazz.

Foto: Moldejazz

Markedssjef Hans Olav Solli

Festivalsjef Hans-Olav Solli er svært glad for at Kvernberg no blir «Artist in Residence» under Moldejazz.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Fredag vart det kjent at Ola Kvernberg blir neste års «Artist in Residence» på Moldejazz. Gleda var stor då festivalsjefen kunne offentleggjere nyheita tidlegare i dag.

– Vi føler at vi har aksjar i Ola som har vakse opp med festivalen. Vi har hatt mange internasjonale «Artist in Residence» og no får vi endeleg ein romsdaling som i tillegg er ein av Noregs mest nyskapande og spennande artistar og komponistar, seier Hans-Olav Solli.

Hovudpersonen sjølv fører seg æra over å ha fått jobben.

– Eg opplever det som ei stor tillitserklæring og ei stor utfordring. Eg er takknemleg, spent og både gruar og gler meg, seier Kvernberg.

Opnar Moldejazz med Mechanical Fair

Opningskonserten på Bjørnson-huset blir det ekspansive verket Mechanical Fair, ein større versjon av dette verket enn nokon gang tidlegare framført.

– Det starta på Kongsberg jazzfestival for nesten fire år sidan som ein kvintett og så har det utvikla seg til å bli eit orkesterverk og etter kvart ei plate. Under Moldejazz får publikum høyre den endelege versjonen, seier Kvernberg.

Til den tradisjonelle Morgengry-konserten har Kvernberg fått med seg søstera si, folkemusikar, felespelar og vokalist Jorun Marie Kvernberg. Duokonserten har dei valt å kalle «Porkotta», som er lokal dialekt for «grisetidleg».

– Det blir to musikarar og søsken som skal tilbake i sandkassa med nye spader. Vi spelte mykje i lag då vi var små, men det har vore naturleg for oss å gå ulike musikalske vegar. Etter kvart som vi har blitt eldre følast det rett å spele saman i igjen, seier han.

I tillegg til eit nyskrive bestillingsverk skal Kvernberg også stå for avslutningskonserten i Molde Domkirke saman med Kirsti Huke og Erik Nylander.

– Eg har spelt mykje saman med Kirsti Huke tidlegare, og eg gler meg til å kunne avslutte festivalen saman med henne og Nylander, seier han.