Hopp til innhold

Astrid Eidsvik ny helsedirektør

Eidsvik fekk tilbod om jobben måndag ettermiddag.

Video Astrid Eidsvik blir direktør i Helse Møre og Romsdal

Astrid Eidsvik blir direktør i Helse Møre og Romsdal

Det var fire som kjempa om toppjobben . I dag var to inne til møte.

Det stod mellom Astrid Eidsvik, administrerande direktør i Helse Sunnmøre og Nils H. Eriksson, konstituert direktør i Helse Nordmøre og Romsdal. Dei to andre søkjarane var Gunnar Myhr som er administrerande direktør og Wenche Pedersen Dehli, dagleg leiar. Begge desse kom utanfrå.

Til slutt var det Astrid Eidsvik som trakk det lengste strået og vart administrerande direktør.

– Det er veldig hyggeleg at styret gir meg den tillita, seier Astrid Eidsvik.

– Det er eit enormt ansvars som følgjer med jobben og eg er audmjuk for jobben som skal gjerast, seier ho.

Eidsvik er sjukehusdirektøren som har satt lengst av alle direktørane i helseforetaka i Noreg.

– Eg trur eg fekk jobben på grunn av den samla kompetansen eg har opparbeida i løpet av desse åra som direktør. Eg har vist at eg har klart å få til resultat, seier Eidsvik.

  • Hør intervjuet her:

Snart samanslåing

Frå 1. juli vert Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre slått saman til Helse Møre og Romsdal.

Les også:

Styremøte Helse møre og Romsdal

Astrid Eidsvik ble innstilt som nr. 1 til direktørjobben under styremøtet i Helse Møre og Romsdal i ettermiddag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL