Hopp til innhold

Internasjonal storfilm spelt inn i Valldal

Ein kritikarrost internasjonal spelefilm er delvis spelt inn i Valldal. Fredag kveld var det klart for premiere på filmen i USA, men også på landskapshotellet Juvet i Valldal.

Ein kritikarrost internasjonal spelefilm er delvis spelt inn i Valldal. Fredag kveld var det klart for premiere på filmen i USA, men også på landskapshotellet Juvet i Valldal.

SJÅ VIDEOEN: Bli med inn i Juvet landskapshotell. Fredag kveld er det filmpremiere og utekino i den vesle Sunnmørsbygda.

filmpremiere juvet

Mange hadde møtt opp for å sjå premieren av filmen.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk

I 2013 vart Alex Garland sin nye film, «Ex Machina» delvis spelt inn på Juvet og i Valldal.

Fredag arrangerer landskapshotellet Juvet og Norddal kommune ein gratis utekino for å feire premieren.

Fleire hundre hadde møtt opp på Juvet for å få med seg premieren på den nye filmen.

Spent

– Sjølv om handlinga i filmen er lagt til Alaska, så er mykje av filmen filma her, fortel eigar av Juvet Landskapshotell, Knut Slinning.

Knut Slinning

Knut Slinning gler seg til å sjå filmen.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk

Filmmannskapet har filma både inne og utanfor hotellet. Slinning har blant anna kjent igjen hotellromma på Juvet i traileren til filmen.

– Dei filma ganske mykje ute, så eg er veldig spent på å sjå filmen, seier han.

Idyllisk omgivnad

Juvet er det første landskapshotellet i Europa og ligg i tunet til Burtigarden på Alstad i Valldal. Arkitektane Jensen & Skodvin ønskte å skape eit landskapshotell som gjekk i eitt med naturen. Resultatet er sju små «kubar» på stylter, med glasvegger mot juvet nedanfor.

På alle romma består ein eller to av veggane av glas, med storslått utsyn over elva, dalen, fjella, tunet eller juvet nedanfor

Filmen er skrevet og regissert av Alex Garland, og har kjente skodespelarar som Oscar Isaac, Alicia Vikander og Domhnall Gleeson i sentrale roller. Universal Pictures International har finansiert filmen, som skal distribuerast over hele verda.

Sjølv om «Ex Machina» ikkje utspelar seg i Noreg, trur produksjonsdesignar Mark Digby at naturbileta i filmen vil pirre interessa til mange sjåarar.

– Naturen er så storslått at alle vil spørje kor vi har filma, seier produksjonsdesignaren.

Viktig profilering

Ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset, var ein av dei mange som tok turen til Juvet for å få med seg premieren fredag. Han meiner slike filminnspelingar er viktige for lokalsamfunnet.

Bjørn Inge Rustad

Bjørn Inge Rustad trur filmen «Ex Machina» er ei god reklame for Norddal kommune.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk

– For det første legg filmannskapet igjen pengar i kommunen, og dei setter folk i arbeid. I tillegg var dei innom skulane og underviste i film. Det er klart at slike ting bidreg til å auke interessa for film, seier han.

Han meiner filmen ein viktig del av å kunne profilere området på ein god måte

– Det er mykje kjekkare og kunne profilere seg som distriktskommune når ein kan reklamere med slike spennande ting som robotar, seier han lattermild.

Han trur filmen kan bidra til å lokke fleire turistar til kommunen.

– Det er eg heilt overbevist om. Når ein kombinerer dette flotte hotellet med dei naturbilda som er i filmen så er eg sikker på at folk forstår at dei må kome hit, seier Ruset.

Sjå traileren til filmen her:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL