Hopp til innhold

Ny avtalet sikrar vidare drift av valdtektsmottaket for Sunnmøre

Helse Møre og Romsdal tek over ansvaret for valdtektsmottaket for Sunnmøre frå Ålesund kommune.

Voldtektssenter Ålesund

Helse Møre og Romsdal tek over ansvaret for valdtektsmottaket for Sunnmøre.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Stadig fleire har funne vegen til det interkommunale valdtektsmottaket for Sunnmøre dei siste åra.

Astrid Eidsvik

Astrid Eidsvik, rådmann i Ålesund kommune, er glad for at tilbodet ved valdtektssenteret er sikra.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ålesund kommune har til no hatt ansvaret både for økonomien og drift av senteret, men no skal Helse Møre og Romsdal overta den økonomiske sida ved valdtektsmottaket.

Astrid Eidsvik, rådmann i Ålesund kommune, er nøgd med avtalen og meiner at det er med på å sikre innbyggarane i regionen eit godt og stabilt tilbod.

– Dette er ei anerkjenning av det fagtilbodet som Ålesund og samarbeidskommunane har bygd opp i løpet av fleire år. Vi er også svært nøgd med at helseføretaket ønskjer at vi skal drive mottaket vidare, seier ho.

Tilsvarande tilbod på Nordmøre og i Romsdal?

Senteret i Ålesund er døgnopent og har spesialtrente legar og sjukepleiarar som har tatt imot ofre for vald og seksuelle overgrep på Sunnmøre sidan 2009. Det var lenge usikkert om tilbodet kunne halde fram fordi staten ønska å omorganisere tenestene ved senteret, men no er tilbodet altså sikra.

Espen Remme

Espen Remme seier det kan bli aktuelt å opprette liknande senter på Nordmøre og i Romsdal.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– No får vi dei midla som tidlegare gjekk til kommunane, og vi er godt nøgde med å kunne kjøpe desse tenestene gjennom Ålesund kommune og samarbeidskommunane deira, seier Espen Remme, direktør i Helse Møre og Romsdal.

Medan overgrepssenter andre stader i landet har varierande kvalitet, er Ålesund kjent for gode resultat blant anna på grunn av sitt tette samarbeid med både politi og barnehusa i kommunane.

No ønsker leiinga i helseføretaket å arbeide for at liknande tilbod blir oppretta også på Nordmøre og i Romsdal.

– Dersom vi får til eit tilsvarande samarbeid mellom kommunane på Nordmøre og i Romsdal, så ligg det til rette for at vi kan utvikle dette tilbodet vidare, seier Remme.