NRK Meny
Normal

Vil utvide tilbodet for å betre førebygginga

Senter for incest og seksuelle overgrep i Møre og Romsdal (SMISO) ynskjer å utvide tilbodet sitt, og meiner det må bli ei større bevisstgjering rundt tematikken.

SMISO

FOKUS: Svanhild Lillebostad og Ann Kristin Skurtveit ved senter for incest og seksuelle overgrep i Møre og Romsdal (SMISO) ynskjer å utvide tilbodet sitt, og sette støre fokus på tematikken.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Her ser du resultatet frå eit evalueringsskjema som vi deler ut til alle niandeklassingane vi underviser, seier Svanhild Lillebostad, leiar ved senter for incest og seksuelle overgrep (SMISO) i Møre og Romsdal.

På kontoret i Molde viser Lillebostad resultatet frå den siste undersøkinga. Totalt 697 niandeklassingar ved 11 ulike skular fekk i fjor undervisning i opplegget til SMISO Møre og Romsdal.

Berre 30,6 % av elevane svarte at dei tidlegare hadde fått informasjon om incest og seksuelle overgrep. Eit tal Lillebostad tykkjer er alt for lågt.

– Fyrst og fremst tenker eg at vi er for seint ute. At dette er elevar og ungdom som allereie kan vere utsette. Spesielt når vi veit at kvar femte jente og kvar tiande gut blir utsett for seksuelle overgrep før dei er 18 år, fortel ho.

Førebyggande

Senteret har dei siste fire åra undervist niandeklassingar ved nokre av ungdomsskulane i fylket om tema som incest og seksuelle overgrep.

Lillebostad meiner undervisning er ein viktig del av det førebyggande arbeidet mot slike overgrep.

Svanhild Lillebostad

FØREBYGGING: Svanhild Lillebostad meiner det bør bli større fokus på førebygging av seksuelle overgrep og incest.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Dei må få kunnskap om kven dei skal snakke med, at det dei har blitt utsett for faktisk er kriminelt, og at det er veldig mange som blir utsett av familie og nære relasjonar, seier ho.

Lillebostad fortel vidare korleis denne typen bevisstgjering kan bidra til å hjelpe dei som blir utsett.

– Dess tidlegare dei får hjelp til å plassere og snakke om desse tinga, dess betre går det med dei seinare i livet. I tillegg er det ein stor helsegevinst i forhold til å få hjelp tidleg.

Ho peiker på dei alvorlege konsekvensar som slike overgrep kan føre til.

– Dei får ofte problem på skulen, i arbeidslivet og i relasjonar, seier Lillebostad.

– Vi kan gjere dei ei stor teneste ved å hjelpe dei så tidleg som mogleg. Det er kanskje det viktigaste argumentet for å drive med førebygging, held ho fram.

Kunnskap er makt

Lillebostad meiner difor at det er viktig at barn og unge får informasjon om temaet.

– Skal vi kunne førebygge og forhindre at slike ting skjer, då må vi gje elevane den kompetansen og kunnskapen dei treng, fortel ho.

I tillegg meiner ho det er sentralt at dei unge har kunnskapsrike vakse å snakke med.

– Undersøkingane våre viser at mange ynskjer å fortelje det til foreldra, lærarane eller helsesystera og då er det viktig at den kompetansen også kjem til dei, seier Lillebostad.

– Og då må vi vaksne vere i stand til å handle, og hjelpe dei, held ho fram.

Ann Kristin Skurtveit

HJELPE: Ann Kristin Skurtveit meiner barn og ungdom må ha kunnskap for å kunne hjelpe seg sjølv og andre.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Kollega ved SMISO Møre og Romsdal, Ann Kristin Skurtveit viktig at elevane får den nødvendige informasjonen slik at dei kan hjelpe både seg sjølv og andre.

– Vi må styrke handlingskompetansen deira, og vise dei kven dei kan ta kontakt med,

Ho har opplevd at ikkje alle veit kva seksuelle overgrep er.

– Mange blir utsett for overgrep av sine næraste rollefigurar, og trur det er slik det skal vere, fortel ho.

Skurtveit seier det spesielt er tre ting dei prøvar å lære elevane i løpet av undervisninga.

– Det fyrste er at det er aldri deira feil, alltid fortel det til ein vaksen, og til slutt, kven er det som kan hjelpe dei.

Aldri for tidleg

Lillebostad meiner det aldri er for tidleg å lære barn og unge at dei sjølv bestemmer over sin eigen kropp, og at dei har rett til å seie nei og setje eigne grenser.

– I skulesamanheng trur eg ein kan starte svært tidleg, og ein bør starte tidleg, men det er viktig å tilpasse undervisninga og leggje den opp etter barna si utvikling og mentale situasjon, seier ho.

Senteret har opplevd at undervisninga har vore med på å avsløre aktuelle forhold å bidratt til at utsette barn og unge får den hjelpe dei treng.

– Vi har fleire situasjonar der vi har hatt kontakt med skular, foreldre og elevar etterpå, så eg trur vi har bidratt til at ting blir avdekt, og at barn og unge oppdagar at det dei har blitt utsett for ikkje er rett, og at dei oppsøker vaksne som dei kan snakke med, fortel Lillebostad.

SMISO
Foto: Silje Bjerknes / NRK

I fjor underviste dei på totalt 11 skular, i år håpar dei å nå enno fleire. Vestfold er eit av fylka som har valt å integrere SMISO si undervisning tidlegare og i større grad i skulane. Dette er eit opplegg som SMISO Møre og Romsdal også har fått opplæring i.

– Vi har lært eit skuleopplegg som oppfattar både andre, fjerde og sjette klasse, altså eit opplegg som er meir tilpassa mindre elevar, og det ynskjer vi å innføre også her i Møre og Romsdal, vi trur på det å starte tidleg, seier Lillebostad.

For å kunne gjennomføre undervisninga i større skala treng dei meir støtte.

– For det fyrste må vi få betre økonomi, vi må difor få fleire kommunar med på laget, også fylket, fortel ho.

Integrert i læreplanen

Jørn Thomassen, assisterande utdanningsdirektør ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal, synest senteret gjer ein viktig jobb, men seier dei ikkje vil satse meir på prosjektet med det fyrste. Han påpeiker at temaet allereie er ein del av læreplanane på dei ulike skulane.

– Dersom vi for eksempel ser på læreplanen i naturfag. Der står det at grensesetting og respekt skal vere eit tema. Samfunnsfagsplanane har også tematisert dette, og seier at elevane skal drøfte og bli klar over forskjellane på ynskja seksual kontakt og overgrep, fortel han.

Likevel har skulane stort handlingsrom for korleis dei vil gjennomføre dette, og kor mykje tid dei vil gi temaet.

Det er viktig å innsjå at dette er eit samfunnsproblem også i Møre og Romsdal.

Svanhild Lillebostad

– Skulane bestemmer sjølv korleis desse tema skal vektleggast i tillegg til at dei må vurdere korleis dei skal gjere det i forhold til elevane si modning og alder.

Lillebostad har full forståing for at incest og seksuelle overgrep er vanskelege tema å snakke om, men at det fort blir ein del av problemet dersom elevane ikkje får nok informasjon om temaet.

– Det er viktig å innsjå at dette er eit samfunnsproblem også i Møre og Romsdal. Vi må difor bli flinkare til å sjå teikna og melde frå når vi har mistanke om noko, fortel ho.