Hopp til innhold

Ny app skal forhindre båtulykker

Ein ny app på telefonen som gjer det tryggare å ferdast langs kysten. Appen vart testa ut i skjergarden utanfor Ulsteinvik denne veka.

Harald Notøy, båteigar

POSITIV: Harald Notøy frå Ulsteinvik er ein erfaren båtførar, og han er svært positiv til at det kan kome ein ny app som vil hjelpe småbåtførarar til å oppdage farar undervegs.

Foto: Arne Flatin / NRK

Trond Langemyr, Kystverket

NY APP: Trond Langemyr, Kystverket testar ut det som kan bli ein ny app på smarttelefonen om eit års tid, og som vil fungere som navigeringsstøtte for fritidsbåtar langs heile norskekysten.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kystverket er no med på å finansiere eit prosjekt der djupnedata i kystnære område vert gjort om og samla i ein app på smarttelefonen.

Harald Notøy var ein av dei som var med på testturen i eit område han kjenner godt, utanfor Ulsteinvik.

– Dette er bra, særleg for oss med små båtar og ikkje all verda med flott navigasjonsutstyr. Kanskje litt tungvint å bruke papirkart også, seier Notøy.

Navigasjonsstøtte til sjøs

Notøy innser at dette kan gje båtførarane ein falsk tryggleik, men samtidig trur han dei aller fleste på sjøen er veldig merksame, og ingen ønsker å gå på grunn.

– Vi kan få eit varsel om at her skal du helst ikkje gå og det kan pipe i lomma som ein alarm i staden for heile tida å kike nedi karta, for det har du ikkje alltid tid til.

Kystverket innser at djupneinformasjonen til tider kan vere kritisk for ferdselen med småbåtar. Djupnedata for kystnære område er i dag lite tilgjengelege.

Den nye appen skal vere navigasjonsstøtte til sjøs. Den vil varsle om potensielle farar rundt 30 sekund før det skjer slik at båtføraren har tid til å justere kursen eller å gjere andre grep som hindrar ei ulykke.

Litt det same som på bil

Båttrafikk langs kysten

TEST: Kysten er full av tronge sund som utanfor Ulsteinvik der grunnlagsdata for ein heilt ny app vart testa ut denne veka.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Når denne appen er ferdig utvikla vil brukarane kjenne att mykje av det som gjeld navigasjonssystem for bil, seier Trond Langemyr, som er seniorrådgjevar i Kystverket.

Utviklinga av appen er også ein del av digitaliseringsarbeidet til Kartverket og Kystverket.

Det neste steget, etter at appen vert testa ut, er å legge til rette for at kommersielle aktørar kan lage ein app som viser navigeringsinformasjonen på ein tydeleg måte.

–Vi gjer dette for å unngå ulykker og tap av menneskeliv. Vi må forenkle ting for vi ser ofte at mange ulykker skuldast at det vert for komplisert for brukarane, seier Langemyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL