Hopp til innhold

Norske barn seier ikkje lenger «nei takk»

Høflegheitsfrasen «nei takk» er i ferd med å døy ut blant dagens unge. Språkprofessor meiner det ikkje er nokon grunn til å sørgje over det.

Dagny Sofie Giljarhus Linge bak henne står Ylva Roland, Serine Hauge, Rakel Vågen Aurvåg

Dagny Sofie Giljarhus Linge og venninnene meiner det er heilt vanleg å droppe «nei takk». Rakel Vågen Aurvåg, Ylva Roland og Serine Hauge.

Foto: Remi Sagen / NRK

Heilt frå spedbarnsalder har norske barn lært kor viktig det er å svare pent «nei takk» når dei får spørsmål om brus eller vaflar, men er mette.

Spør du barn og tenåringar i dag om dei vil ha ein is, har du ingen garanti for korleis dei svarar nei.

Stadig fleire unge har begynt å formulere seg annleis: «det går bra».

Dagny Sofie Giljarhus Linge er ei av dei som brukar uttrykket.

– Ja, ganske ofte. Eg trur alle i min generasjon gjer det, seier 14-åringen.

Ho får støtte av venninnene som også svarar «det går bra» når dei får spørsmål om noko dei ikkje vil ha.

– Sånn på kafé, dersom dei spør om kvittering, seier Ylva Roland (13).

Ylva Roland, Serine Hauge, Rakel Vågen Aurvåg, Dagny Sofie Giljarhus Linge

Frå venstre: Ylva Roland, Serine Hauge, Rakel Vågen Aurvåg og Dagny Sofie Giljarhus Linge.

Foto: Remi Sagen / NRK

Høyrer det kvar dag

Viktoria Sjåstad (17) høyrer uttrykket mange gonger dagleg. Ho smør bagettar hos Big Bite, og har mange unge kundar. Ho seier gutane skil seg ut ved å bruke uttrykket mest.

– Jenter seier som regel «nei takk» i staden for «det går bra», dei er meir høflege enn gutar. Det er vel fordi jenter er meir modne enn gutar, seier ho.

Viktoria Sjåstad

Viktoria Sjåstad møter mange unge kundar i disken til Big Bite. Ho har registrert at mange av dei ikkje lenger seier «nei takk».

Foto: Remi Sagen / NRK

Ein av kundane, Solbjørg Farstad (67), har også registrert at uttrykket vinn terreng hos barn og unge. Ho meiner at det ikkje er like bra som «nei takk».

– Nei, det synest eg ikkje. Det er betre å seie «nei takk», det er finare, seier ho.

Solbjørg Farstad

Bestemora Solbjørg Farstad skjenner ikkje på unge som droppar «nei takk» – men synest det er høflegare enn «det går bra».

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho får støtte hos tenåringsmamma Renate Vågen (48).

– Er det fordi dei ikkje gidd å engasjere seg i svaret at dei seier «det går bra»? Fordi dei er oppslukt i skjermen sin, eller ikkje tør å seie kva dei meiner? Vi vil jo ha takknemlege, engasjerte og tydelege ungdommar, vi må kanskje utfordre dei og spør tilbake «kvifor, kva, kva meiner du», seier Vågen.

Kva svarar du?

Les også Kalla kollega «Sleipe hæstkuk»- politiet meiner det ikkje er straffbart

Einar Meløysund sitter på broa på en fiskebåt

Applauderer språkutviklinga

Norsk språk er i stadig utvikling, og er sterkt svekt dei siste ti åra. Mange unge droppar punktum. Bannskap og rasistiske uttrykk er på frammarsj.

På mange område tek engelsk over.

Men språkprofessor Jan Svennevig (60) ved Universitetet i Agder applauderer ungdommane som droppar «nei takk».

Eg synest det er heilt fint. Ungdommar kjem stadig med nye måtar å snakke på som kanskje kan forarge dei som har vore vant med noko anna over mange år, seier han.

– Men misser ein noko når «nei takk» forsvinn?

– Nei, heller tvert om, ein tilfører heller noko. «Nei takk» er berre eit reint avslag, då kan grunnen vere at maten ikkje var god eller at ein er mett. Når ein seier «det går bra», gir du ei slags grunngjeving, og då avkreftar du moglege slutningar om at maten ikkje var god eller at det var noko problem med den. Eg trur dette er ein underliggande høflegheitsstrategi, seier han.

–​​​ Synest du ein framleis bør lære barn å seie nei takk?

– Nei, ikkje eigentleg, seier han.

Jan Svennevig

Professor Jan Svennevig trur «det går bra» kan vere ei slags omsetjing av engelsk «I am fine». Og det synest han går heilt fint.

Foto: Universitetet i Oslo

– Hyggelegare måte å seie nei

20-åringane Nicolas Helgesen og Joakim Kvammen har for lengst tatt i bruk uttrykket og er heilt einig med språkprofessoren.

– Det er ein litt hyggelegare og høflegare måte å seie nei på, seier dei to.

Nicolas Helgesen og Joakim Kvammen

Nicolas Helgesen og Joakim Kvammen meiner det er litt hyggelegare å seie «det går bra».

Foto: Remi Sagen / NRK

Men det spørst om alle er samde i å vrake «nei takk».

Yasmine Hjelm (26) medgir nølande at også ho har begynt å bytte ut «nei takk», men synest ikkje det er noko pluss.

– Eg har ein son på åtte år, og eg lærer han å seie «nei takk». Eg synest det er høfleg, og eg vil at han skal kjenne seg trygg i dei vala han tek.

Yasmine Hjelm

Yasmine Hjelm vil at sonen på åtte år skal lære seg å seie fint «nei takk».

Foto: Remi Sagen / NRK