Hopp til innhold

Kalla kollega «Sleipe hæstkuk»- politiet meiner det ikkje er straffbart

Sunnmøringen gjekk til politiet då han blei utskjelt på nordnorsk vis. – At to vaksne menn er forbanna på kvarandre har ikkje noko på politikontoret å gjere, svarar nordlendingen.

Einar Meløysund sitter på broa på en fiskebåt

Over radioen blåste skipper Einar Helge Meløysund ut frustrasjonen «Forbainnade hælvettes sleipe hestkuk».

Foto: Privat

Det var på fiske på Røst utanfor Lofoten i mars at det blei høg temperatur mellom to fiskeskipperar. Dei to krangla om kven som skulle bruke det aktuelle havområdet.

Over radioen blåste skipper Einar Helge Meløysund ut frustrasjonen:

«Forbainnade hælvettes sleipe hestkuk».

«Hvis du trives sammen med oss må du bare holde kjeften og dra garnan dine her. Ellers må du hut dæ te helvete nord eller sørover der kor du mene det fins så mye hav.»

Delar av samtalen blei tatt opp og gjekk viralt på TikTok.

Sindre Dyb på garnbåten «Veidar» fann seg ikkje å bli snakka til på denne måten og meldte kollegaen for ærekrenkingar.

– Det som kom over radioen var ufint. Det er i grunn ikkje til å gjenta, seier Dyb.

Les også «Sleipe hæstkuk»: Anmeldes etter nordnorske kraftgloser til sjøs

– Sabotasje med kniv

Men ordbruken var slett ikkje det verste.

Bilde som viser avkutta tau

Tauet er tydleg kutta med kniv meiner mannskapet på «Veidar».

Foto: Veidar

Nokon skal ha kappa av tauet på fleire bøyer med kniv. På den måten stod sunnmørsbåten i fare for å miste fiskegarna sine.

Dyb hevdar at to andre båtar slo av AIS-systemet slik at posisjonen deira ikkje var synlege på kartet då det skjedde.

– Det er sabotasje og kriminelle handlingar. Det fekk begeret mitt til å renne over. Difor valde eg å politimelde det, seier Dyb.

Bilde som viser avkutta tau

Dette biletet viser sabotasje meiner mannskapet på båten «Veidar».

Foto: Veidar

Legg vekk saka

No melder Sunnmørsposten att saka er henlagd utan etterforsking.

– Saka er lagt vekk fordi ein ikkje finn grunn til å undersøke om det ligg føre straffbare forhold, opplyser politiadvokat Kristine Pedersen ved Nordland politidistrikt, til avisa.

– Ingenting hos politiet å gjere

Etter krangelen tok skipper Einar Helge Meløysund sjølvkritikk for språkbruken. At politiet har lagt bort saka er akkurat slik som han venta.

– Etter mi meining er dette langt utanfor det politiet skal drive med. At to vaksne menn er forbanna på kvarandre har ikkje noko på politikontoret å gjere, seier Meløysund. Han er styremedlem i Noregs Fiskarlag.

Grunnen til ordbruken frå hans side var ein frustrasjon som hadde bygt seg opp over to veker, der dei hadde prøvd å kontakte sunnmørsbåten på telefon for å snakke.

I etterkant av krangelen avgjorde Fiskeridirektoratet at berre snurrevadbåtar fekk fiske i området. Garnbåten Veidar forlét deretter området.

Meløysund avviser alle påstandar om sabotasje og øydelegging.

– Det har ikkje eg gjort. Eg har ikkje øydelagt noko bruk, seier Meløysund.

– Synd

Det skulle bli meir drama på Lofotfiske for fiskebåten Veidar. Båten starta å brenne og mannskapet måtte reddast.

No er reparasjonen av båten i gang og Dyb håper den er klar til vinterfiske med ny kvote neste sesong.

Dyb synest det er synd at saka er lagt bort.

– Det hender jo seg at det er litt konfliktar på fiske, men eg har aldri opplevd makan, seier Dyb.

Han håper at han slepp å oppleve ei slik hending igjen som fiskar.