Hopp til innhold

Unge Venstre om norskfaget: – Vi er bekymra

Unge Venstre vil fjerne karakteren i sidemål for avgangselevar på vidaregåande. Men moderpartiet meiner både testing og karakterar må til.

Ane Breivik, leder Unge Venstre

MOTSTRAUMS: Ane Breivik er ungdomspartileiar i Unge Venstre. Ho meiner vidaregåandeelevar bør berre ha éin karakter i norsk.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I sommaren kjem vitnemålet til alle som er ferdige med 13 års skulegang. Frå vidaregåande kan enkelte sitte igjen med heile seks karakterar i norsk:

  • Standpunktkarakter: Norsk munnleg, skriftleg sidemål og hovudmål.
  • Eksamenskarakterar: Norsk munnleg, i tillegg til skriftleg hovudmål og sidemål.

Norsk er derfor eit fag som vektar tungt i avgangsvitnemålet. Men hadde det vore opp til Unge Venstre, skulle elevane sloppe å få meir enn éin norskkarakter på vitnemålet.

Dei ser for seg at elevane kan komme opp i eksamen, men at karakterane frå eksamen og standpunkt bli slått saman til éin felles karakter.

Elev Mathias Tjernæs (17) startar siste året på Akademiet vidaregåande i Oslo etter sommarferien, og meiner det er lurt å fjerne karakteren i sidemål til fordel for éin samla karakter.

– Eg synest i alle fall det verker veldig positivt, med tanke på at eg sjølv ikkje er så veldig god i nynorsk og eg trur ikkje så mange andre er så veldig fan av det heller, seier han til NRK.

Les også Lofoten gir leiebilboom: Theodor (19) vasket 42 biler på én dag

Theodor Hustad

Urettferdig

Leiar i ungdomspartiet Ane Breivik (25) sit sjølv i programkomiteen til Venstre. Der blir det avgjord kva politikk partiet skal gå til val på ved stortingsvalet i 2025. Ho vil få med seg partiet på å skrote karakteren i sidemål.

Vi er bekymra for at dagens system premierar ein spesifikk type elevar, og det er særleg dei som er språkkyndige, seier Breivik.

Ane Breivik, leder Unge Venstre.

SPRÅKSTRID: Unge Venstre-leiar Ane Breivik er ikkje einig med programkomiteleiar Sveinung Rotevatn (V) når det gjelder nynorsk.

Foto: Saeed Zubair

I tillegg meiner ho at dagens karaktersystem ikkje reflekterer timane elevane faktisk brukar på norskfaget.

Men Breivik avviser at dette kan føre til at elevar nedprioriterer sidemål.

Vi må ha tillit til at læreplanmåla blir følgt i den norske skulen. Eg synest ikkje at det å ha veldig mange språkkarakterar er ein god måte å vise den tilliten på, seier ho.

Utdanningsdirektoratet (Udir) har tidlegare undersøkt om det er ein fordel med færre karakterar i norskfaget. Dette førte til at Høgre-regjeringa i 2019 fjerna karakter i sidemål for elevar i første og andre klasse.

For tredjeklassingane blei derimot sidemål-karakteren ståande.

Dei fleste elevane i vidaregåande har bokmål som hovudmål. I fjor var det 45.300 elevar som var påmeldt i skriftleg eksamen i norsk. 42.700 valde bokmål som hovudmål, medan 2.600 hadde nynorsk som hovudmål, ifølge Utdanningsdirektoratet.

Les også Skole i juni? – Det er egentlig veldig slapt

Oscar Spæren Riwen, Erle Sjue Steiner

Moderpartiet: Ueinig

Venstre har tradisjonelt vore sterke forkjemparar for å sidestille skriftspråka i skulen. Det gjelder også stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn, som har nynorsk som hovudmål.

Han leier no arbeidet til programkomiteen, og støtter ikkje ungdomspartiet sitt forslag.

– Det er viktig at norske elevar lærer seg både hovudmål og sidemål godt, fordi både bokmål og nynorsk er offisielle språk i Noreg som er i bruk, og er viktig i mange jobbar, seier han til NRK.

Rotevatn, Sveinung

UEINIG: Venstres Sveinung Rotevatn er sjølv nynorskbrukar. Han meiner karakter i nynorsk er viktig for elevane.

Foto: William Jobling / NRK

Rotevatn er uroleg for at undervisninga i sidemål vil bli dårlegare dersom elevane ikkje har ein eigen karakter i faget.

Du trur ikkje det er nokon unge veljarar å hente her då?

– Eg er først og fremst opptatt av at norske elevar skal lære seg dei ulike faga dei har godt. Eg synest det er viktig å teste elevar, eg synest eksamen er viktig, eg synest karakterar er viktige, og det trur eg faktisk mange elevar også er einige i, seier Rotevatn.

Les også Han jakter det perfekte problem

Oslo Startup Lab

Borgarleg støtte

På borgarleg side ser Ane Breivik ut til å få større gjennomslag utanfor eige parti.

Høgres utdanningspolitiske talsperson Kari-Anne Jønnes håper Venstre lyttar til ungdomspartiet.

Unge Venstre har eit veldig godt forslag, seier ho og utdjupar:

Vi i Høgre har programfesta at vi ønsker å ha éin norsk karakter i munnleg og éin i skriftleg, både på vidaregåande skule og ungdomsskule, seier Jønnes.

Kari-Anne Jønnes, stortingsrepresentant for Høyre og medlem av utdannings - og forskningskomiteen

STØTTE: Høgres utdanningspolitiske talsperson Kari-Anne Jønnes håper at Unge Venstre klarer å overtyde moderpartiet sitt.

Foto: Høyre

Så det ville vore enkelt å få med de på dette i eventuelle regjeringsforhandlingar etter valet i 2025?

Ja, med føresetnad om at Høgres landsmøte framleis vil forenkle systemet og redusere til éin karakter, så er svaret på det ja.

Frp: – Elevane bør få vere sjef sjølve

Framskrittspartiet vil gå enda lengre.

Stortingsrepresentant Himanshu Gulati (Frp) forklarar det slik:

Vi ønsker å gjere sidemål valfritt, ikkje sause inn i eit stort norskfag. Elevane bør få vere sjef sjølv og avgjere om det er sidemål eller eit anna fag som dei har mest nytta av.

Himanshu Gulati (Frp)

GÅR LENGRE: Stortingsrepresentant Himanshu Gulati (Frp) vil gjere nynorsken til valfag på vidaregåande.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Programforslaget til Venstre skal få innspel frå resten av partiet. Etter innspel frå partiet vil komiteen komme med eit forslag som kan bli partiets politikk etter landsmøtet neste vår.

AKTUELT NÅ