Hopp til innhold

Henriette vil ikkje bli kalla utviklingshemma

Mange meiner ord som utviklingshemma og funksjonshemma er stigmatiserande. No skal orda opp til diskusjon.

Henriette Hvarnes Hansen

Henriette Hvarnes Hansen meiner at ordet utviklingshemming blir mistolka.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

På Meny i Larvik fyller Henriette Hvarnes Hansen (27) på varer i kjøledisken. Ho er lettare utviklingshemma, men likar ikkje ordet.

Ho meiner det er så store variasjonar av utviklingshemminga, at det blir feil å putte alle i ein stor kategori.

– Ein går rundt med ei kjensle av at vi på ein måte ikkje har eit verdig liv. Det er ubehageleg, seier Hansen. Ho føler ordet som eit stempel i panna.

Til hausten skal Norsk forbund for utviklingshemma ta ordet utviklingshemma opp til debatt på landsmøtet. Debatten handlar både om korleis gruppa skal omtale seg og kva organisasjonen bør heite.

Hansen leiar erfaringsutvalet i forbundet, som skal kome med gode forslag til andre ord.

Sjølv vil ho heller bruke ordet funksjonsvariasjon.

Henriette Hvarnes Hansen

Henriette Hvarnes Hansen leiar erfaringsutvalet til Norsk forbund for utviklingshemma. Dei diskuterer alternative ord til utviklingshemma.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Mange fordommar

– Utviklingshemma er eit belastande ord, seier forbundsleiar Tom Tvedt. Mange foreldre og andre medlemmar meiner ordet kjennest fullt av fordommar og at dei blir sette i bås.

Samstundes er ordet knytt opp til den internasjonalt medisinske diagnosen, psykisk utviklingshemming.

– Vi har tatt bort ordet psykisk i organisasjonsnamnet, men framleis er det ein diskusjon. Det handlar om samfunnet sitt stigma rundt omgrepa, seier Tvedt.

Tom Tvedt

Tom Tvedt er forbundsleiar i Norsk forbund for utviklingshemma.

Tvedt meiner det er på tide med ein ordentleg debatt, sjølv om temaet er vanskeleg. Han trur måten gruppa blir omtala på, er viktig for korleis ein blir sett på både i arbeidslivet og generelt i samfunnet.

Den største funksjonshemminga i samfunnet vårt er faktisk mangel på kunnskap og dårlege haldningar, seier Tvedt.

Kva ord meiner du er innanfor å bruke?

Kallar seg funksjonshindra

Også i Norsk handikapforbund blir det stadig diskutert om det er på tide med eit namnebyte.

Camilla Huggins Aase sit i rullestol og kallar seg sjølv funksjonshindra.

–I alle dei omgrepa vi har operert med tidlegare, ligg det nokre premiss om at ein har nedsett funksjonsevner. Det er deg det er noko gale med, det er du som er litt rar, seier Aase.

Ho vil heller at hindringane ho møter i samfunnet bør gjenspeglast i orda som blir brukt.

Camilla Huggins Aase

Camilla Huggins Aase jobbar i Norsk handikapforbund. Ho sit i rullestol og meiner det beste ordet er å bruke funksjonshindra. Ordet gjenspeglar at det er samfunnet som skal legge til rette for innbyggjarane.

Foto: Alem Zebic / NRK

Frå vanfør til handikappa

Norsk handikapforbund er snart 100 år, og først var det ordet krøpling som blei brukt, deretter vanfør og så handikappa. No blir heller ikkje ordet handikappa brukt om personar lenger.

– Vi står nok ein gong i ein situasjon der vi diskuterer om orda må bytast ut, fordi forståinga vi legg i orda er feil, seier forbundsleiar Tove Linnea Brandvik.

Tove Linnea Brandvik

Tove Linnea Brandvik er leiar i Norsk handikapforbund

Foto: Henning Rønhovde / NRK

Det er også diskusjon om ordet funksjonshemma, fordi folk brukar det feil. Mange brukar funksjonshemma og funksjonsnedsetting om kvarandre.

Funksjonshemma handlar ikkje om ein person sine kroppslege plager, men hindringar ein møter i samfunnet, som manglande moglegheiter til å ta buss eller tog eller komme inn på kafeen, ifylgje Brandvik.

– Funksjonsnedsetting er det som er i min kropp, meg som individ, forklarer Brandvik.

Ikkje problem å bli kalla hemma

Torstein Lerhol er kjend som bedriftsleiaren og politikaren som gjer heile arbeidet sitt liggande i ein rullestol. Han er oppteken av kva samanhengen orda blir brukt i, kven som seier det og korleis det blir sagt.

– Om du kallar meg for funksjonshemma, eller hemma, eller handikappa, eller krøpling,
så betyr ikkje det så mykje for min del, sånn reint personleg, så lenge konteksten er rett, seier Lerhol. Dersom orda blir sagt i beste meining, tar han seg ikkje nær av det.

Han fryktar at samfunnet skal bli så redd for å seie feil at det blir ein barriere å ta kontakt.

Torstein Lerhol ligg i rullestolen

Torstein Lerhol meiner at folk ikkje må vere så redde for å bruke feil ord at dei ikkje tør å omtale funksjonshemma.

Foto: Alem Zebic / NRK

Utviklingshemma fotballspelarar

På Aker Stadion er det fotballtrening, og sjølv om det ikkje er elitelaget Molde som er på bana, er innsatsen stor.

– No har vi leika oss litt med ball, seier Ole Magnus Oterhals. Han har Downs syndrom og når han skal forklare kva slags fotballag det er, brukar han å seie at spelarane er utviklingshemma.

– Då veit alle kva det er, seier Oterhals.

Laget blir kalla utviklingslaget, og her spelar dei som ikkje får plass på vanlege fotballag.

Oterhals har ikkje noko problem med å bli kalla utviklingshemma når ein snakkar om heile gruppa.

– Men vi har jo namna våre. Vi heiter Ole Magnus, Emil og co., seier fotballspelaren.

Ole Magnus Oterhals saman med fotballaget «Utviklingslaget

Fotballaget skal vere ein utviklingsarena for dei som treng hjelp i dagleglivet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les også Ole Magnus føreles og forskar. Det gjer stadig fleire personar med funksjonsnedsetting

Ole Magnus Oterhals sit på ein pult i eit klasserom, med ei tavle bak seg. Han har på seg ei svart skjorte, ser inn i kameraet og smilar breidt. Oterhals har Downs syndrom.