Hopp til innhold

Ole Magnus føreles og forskar. Det gjer stadig fleire personar med funksjonsnedsetting

I over eit tiår har han vist at forsking på personar med funksjonsnedsetting kan gjerast med dei og ikkje berre om dei.

Ole Magnus Oterhals sit på ein pult i eit klasserom, med ei tavle bak seg. Han har på seg ei svart skjorte, ser inn i kameraet og smilar breidt. Oterhals har Downs syndrom.

Ole Magnus Oterhals har vore medforskar i ulike prosjekt om personlege avgjerder i over eit tiår.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ole Magnus Oterhals har vore medforskar i ulike prosjekt om personlege avgjerder i over eit tiår.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Då set vi i gang.

Ole Magnus Oterhals startar førelesinga på Høgskulen i Molde med ein kort introduksjon for salen som er full av vernepleiarstudentar.

Han fortel om forskingsprosjekta han har drive med og sine personlege erfaringar med helsesystemet.

At han har Downs syndrom hoppar han glatt over, i alle fall i byrjinga.

For det er nett det dagens førelesing handlar om – omgrepa vi brukar og noko Oterhals verkeleg mislikar: det å setje folk i bås.

Dette har han forska på og jobba med i over eit tiår.

No vert det vanlegare over heile landet at folk med funksjonsnedsettingar er medforskarar.

Det å få bestemme sjølv

Førelesinga og forskinga til Oterhals handlar om å få lov til å ta avgjerder – også dårlege – i eige liv utan for mykje innblanding frå andre.

Han har no vore medforskar i fire ulike prosjekt, held regelmessige førelesingar på høgskulen og reiser i både Noreg og utlandet for å prate om nett det å få ta eigne avgjerder.

Han påpeiker at alle har rett på å bestemme over seg sjølv.

– Dei som har utviklingshemming må ha det dei og, seier Oterhals.

Ole Magnus Oterhals et lunsj saman med kollegaane sine. Han sit ved bordet saman med fleire andre som vi ikkje ser fjeset til. Han har ei svart skjorte og ser ut til å følgje med på ein samtale. På bordet står nokre flasker pepsi og nokre fat med smørbrød, samt eit par briller.

Oterhals et lunsj saman med andre tilsette ved høgskulen før dei skal planlegge vidare undervising.

Foto: Remi Sagen / NRK

Høgskulelektor Hege Bakken seier Oterhals er ein stor ressurs ved høgskulen, og at hans førelesingar er dei som er best evaluert av studentane.

– Han har ein veldig tydeleg bodskap til studentane, og han set lys på temaet på ein litt annan måte enn oss andre førelesarar.

Ho fortel at det dei siste åra er starta og gjennomført mange forskingsprosjekt på likebehandling og det å bestemme over seg sjølv ved høgskular og universitet over heile landet.

– Vi ser at der har blitt fleire og fleire prosjekt der personar med utviklingshemming er med som medforskarar og deltek, seier Bakken.

Sidan 2019 er det vore arrangert forskarkurs ved seks utdanningsinstutisjonar for denne målgruppa, som Oterhals har vore med på å utvikle. Rundt 40 personar har gjennomført kurset, ifølgje Naku.

Hege Bakken står i ein rosa genser i eit møterom og gestikulerar mot ein skjerm på veggen. Kring bordet sit tre andre, mellom anna Ole Magnus Oterhals. Etter det som står på skjermen, let det til at dei planlegg undervising.

Bakken, Oterhals og fleire tilsette planlegg vidare undervising og førelesingar for studentane ved høgskulen.

Foto: Remi Sagen / NRK
Hege Bakken sit i ein rosa genser i eit møterom og styrer musa på ein skjerm på veggen. Kring bordet sit tre andre, mellom anna Ole Magnus Oterhals. Øvst i biletet, midt imot, ser vi lyset frå ein prosjektor. På bordet foran dei som sit der ligg datamaskiner, kaffikoppar, dokument og bøker.

Bakken seier prosjekt som forskar på personar med funksjonsnedsetting stadig oftare involverer nett dei som har slike nedsettingar.

Foto: Remi Sagen / NRK
Ole Magnus Oterhals sit ved eit bord saman med kollegaane sine. Dei sit fire stykk ikring bordet med kvart sitt fat med mat og glas med vatn eller flasker med brus.

Oterhals sjølv seier det er viktig å få ta del i kvardagen på arbeidsplassen, som å ete lunsj med kollegaane sine.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les også De vanskelige ordene

Astri Solås

– Ein inspirasjon

– Det er dumt at folk vert sett i båsar, for det er ikkje alle som er like prega. Ein kan finne på å gløyme personen og at alle vert skorne over same kam. Ein kan tru feil om personen, om kva han eller ho kan, og ein kan undervurdere dei, kva han eller ho kan.

Oterhals får applaus då førelesinga er over. Nokre av studentane kjem opp til kateteret.

– Tusen hjarteleg takk, du var verkeleg ein inspirasjon. Eg må verkeleg sei at du har gjeve meg noko. Eg skal verte mykje flinkare til å lytte til dei som har noko å sei, seier ei, medan førelesaren gjer ho ein high-five.

Sjå Oterhals halde førelesing for studentane sine.

Førsteårsstudent Emilie Lind Simmersholm seier det var kjempeinteressant å høyre frå Oterhals og hans erfaringar, og er viss på at ho kan ta med seg det i jobben.

– Dei fleste vert nok portrettert som folk som ikkje kan snakke for seg sjølv og seier sine meiningar, men dei aller fleste kan det. Alle kan å snakke for seg sjølv, seier ho.

Emilie Lind Simmersholm smilar til kameraet. Ho sit i ein gang på Høgskulen i Molde. Bak henne er det mørkt, noko lys kjem gjennom glaset i taket. Ho har langt, brunt hår og ein grøn gensar.

Simmersholm håpar at å høyre om Oterhals sine gode erfaringar i arbeidslivet gjer at ho seinare kan legge til rette for at andre skal få oppleve det same.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL