Hopp til innhold

Nikolai klarer for mykje – draumen om folkehøgskule kan vere knust

Ei regelendring gjer at elevar som klarer enkle daglege gjeremål sjølv, får nei til støtte som gjer at dei kan gå på folkehøgskule.

Nicolai Skovgaard

GLER SEG: Nikolai Skovgaard har lenge sett fram til å byrje på folkehøgskule.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fleire av kameratane til Nikolai Skovgaard har vore på folkehøgskule. I lang tid har 20-åringen sett fram til at det skal bli hans tur å dra frå heimbygda Haddal i Ulstein kommune på Sunnmøre og bu saman med andre ungdommar. Auga lyser opp når han fortel om kva han skal vere med på.

– Eg skal gå på reiselinje og reise til Spania, Island og Israel. Det blir kjekt.

– Overraskande og frustrerande

Men Nikolai har autisme, og for å klare seg på folkehøgskulen må han ha assistent. Men NAV har sagt nei til søknaden hans.

– Det er veldig overraskande og litt frustrerande. Eg trur dei vurderer han til å vere flinkare enn det han er, seier pappa Klaus Skovgaard.

Klaus Skovgaard

Klaus Skovgaard synest at regelendringa er heilt uforståeleg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ikkje rett til assistent lenger

Ifølgje faren er Nikolai rekna som velfungerande. Han kan ta bussen og drive med ulike fritidsaktivitetar, så lenge det er tilrettelagt eller han får hjelp frå assistentar eller andre.

Dermed blir han ramma av ein ny regel som politikarane vedtok i fjor: Dersom elevane klarer enkelte ting sjølv, som til dømes å dusje, treng dei ikkje lengre assistent.

Det gjer at det har vorte vanskelegare for elevar med diagnosar som Downs syndrom, autisme og utviklingshemming å få støtte til assistent som gjer at dei kan dra på folkehøgskule.

– Eg blir oppgitt og forbanna, seier Ane Tingelstad Wøyen, leiar av Folkehøyskolerådet.

Må gå rett i jobbtrening

Ifølgje tal som Folkehøyskolerådet har henta inn, har 48 elevar med utviklingshemming eller andre diagnosar fått avslag etter regelendringa. Året før skjedde det same med 13 personar.

– Desse elevane må då gå rett frå vidaregåande og til arbeidstrening i kommunen. Eg trur det både er skadeleg og uheldig, seier Wøyen.

Ho viser til Likeverdsreformen som gjer det klart at utviklingshemma skal kunne gå på folkehøgskule, og ber regjeringa gi tydelege signal til NAV om korleis reglane skal forståast.

Planlegg ikkje regelendring

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for regelendringa, og har ingen planar om å endre regelen no.

– Det er ikkje eit arbeid som er sett i gang, men vi ser at det kan vere meir formålstenleg å sjå på om ein skal forme tilbodet til denne gruppa på ein litt annan måte, seier statssekretær Thomas Norvoll.

Thomas Norvoll (Ap), statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Thomas Norvoll (Ap), statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Foto: regjeringen.no

Positiv oppleving

På linja «Reise bo og fritid» Ålesund Folkehøgskole legg dei til rette for elevar som treng ekstra oppfølging.

– Eg har fått mange nye venner her. Det er gode folk som er vanskeleg å finne utanfor ein folkehøgskule, seier Marko (20) som er ein av seks elevar på linja.

Marko er på folkehøyskole

Trass i at dei har ulike behov har Marko og dei fem andre hatt eit fantastisk år saman på Ålesund folkehøgskole.

Foto: Elisabeth Skarrud / NRK

Sjølv om snøen ligg langt nedover fjelltoppane, badar elevane i fjorden.

For Marko, som har assistent, har det vore positivt å få nye opplevingar og flytte til ein ny stad for fyrste gong.

Det er interessant å bu ein annan stad og opne horisonten litt.

Utan støtte frå assistentar kan ikkje denne gruppa gå på folkehøgskule, meiner miljøarbeidar Hanne Welle.

– Det er mykje nytt på ein folkehøgskule. Det som har fungert før, fungerer kanskje ikkje når ein skal bu saman med 60 andre.

Elever fra Ålesund folkehøyskolebader i Sulafjorden.

«Et år for alle» er slagordet for norske folkehøgskular. Her badar nokre elevar ved Ålesund folkehøgskule i Sulafjorden.

Foto: Elisabeth Skarrud / NRK

Har klaga

På bordet framfor Klaus Skovgaard i Ulstein ligg ein solid stabel papir. Det er dokumentasjon han har brukt til å klage på at sonen ikkje får assistent på folkehøgskulen.

– Trur du at nokon folkehøgskule vil ta imot sonen din utan å få pengar til assistent?

– Nei. Han treng mykje oppfølging, rettleiing og opplæring.

Inntil klagen er behandla håper familien framleis at folkehøgskuledraumen kan bli verkeleg.

– Korleis skal eg forklare Nikolai at han ikkje får gå på folkehøgskule? Han er så innstilt på dette. Eg veit ikkje korleis eg skal klare det.

Nicolai sammen med far Klaus Skovgaard

Far Klaus Skovgaard og sonen Nikolai Skovgaard ser TV-serien «Den unge Fleksnes» saman.

Foto: Arne Flatin / NRK

I første versjon av denne saka skreiv vi at familien ikkje hadde informert Nikolai om at det ikkje var sikkert han kunne få gå på Folkehøgskule. Det riktige er at Nikolai veit at det foreløpig ikkje er sikkert, men at dei framleis prøvar å få det til.