Hopp til innhold

I kø for å sikre seg julematen

Det er ikkje black friday eller januarsal. Likevel har det vore lang kø utanfor butikken på Sunnmøre før opningstid kvar dag den siste tida.

Hole kjøtt

Det er kø utanfor Hole Kjøtt i Ålesund før dei opnar dørene.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Lenge før opningstid har det tetta seg til framfor døra til Ålesunds einaste spesialbutikk for kjøtmat.

Siste sjanse

Ein av dei som stilte seg opp utanfor Hole Kjøtt for å sikre seg julemiddagen, fredag, var Eldar Vindvik.

– Det er siste sjanse for å få den ferdig til julaftan. Eg var her i går også, men då var det tomt, fortel han.

Eldar Vindvik er fremst i køen

Eldar Vindvik er fremst i køen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er mogleg å få tak i kjøtmat mange stader, men til jul er det mange som aller helst vil bruke nisjebutikken i Ålesund sentrum.

Då dei starta opp for over 30 år sidan, var dei spente på om det var rom for ein slik butikk, men det har det vist seg å vere. Spesielt i julestria.

Kva skal du ha til julemiddag?

Hektisk på Hole Kjøtt før jul.

Det er trongt i butikken like før julaftan, og kølappsystem må til for å halde styr på kundane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fire i Møre og Romsdal

Hole Kjøtt er ein av fire spesialbutikkar for kjøtmat i Møre og Romsdal. Dei andre ligg i Ulstein, Sula og Kristiansund.

I Ålesund er 14 tilsette i sving. Og dagen startar klokka 5 for å bli ferdige til kundane strøymer inn døra ved opningstid.

Johannes Davidsen

Johannes Davidsen har hatt hektiske dagar bak disken.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Noko blir dei utselt for, men stort sett klarer dei å produsere opp igjen det kundane vil ha.

– Det er hektisk kvar dag fram mot jul, seier ekspeditør Johannes Davidsen medan han pakkar inn og prisar kjøt.

Les også Kvelden før kvelden-kokk med prestasjonsangst: - Jeg har brukt omtrent fem tusen kroner

Christopher Haatuft