Hopp til innhold

Niklas får ikkje lærlingplass

Å bli bilmekanikar har vore draumen til Niklas Bjerkelund Nygård (18) sidan han var liten. Nedgangstider gjer at han og mange ikkje får lærlingplass. Gründer Arnt A. Wærnes meiner bedriftene burde sleppe å betale arbeidgiveravgift for lærlingane.

Niklas Bjerkelund Nordgård

Niklas Bjerkelund Nygård er ein av dei som står utan lærlingplass.

Foto: Roar Halten / NRK

Vallogo

Over heile landet står yrkesfaglelevar utan lærlingplassar. Usikre tider i industrien gjer at bedriftene ikkje kan ta imot like mange lærlingar som før. Det betyr at Niklas Bjerkelund Nygård frå Tustna i Aure har måtte lagt andre planar.

– Eg har spurt alle bilverkstadane i Kristiansund, men dei seier at eg må prøve på nytt neste år, seier 18-åringen. Grunnen han får oppgitt er dårleg økonomi, at der er fullt eller at bedrifta ikkje har tid.

Nygård er difor i gang med 3. året på yrkesfag, der han er utplassert i ei bedrift to dagar i veka.

– Eg er eigentleg skuffa over at eg ikkje fekk lærlingplass. Då hadde eg fått kjent korleis det er å vere ute i arbeidslivet på ordentleg, seier nordmøringen.

Valgstafett i Kristiansund

Berit Tønnesen frå Opplæringskontoret, Bjarne Elde frå Ap blekkslagar Ronny Myrset diskuterte lærlingsituasjonen under valstafetten.

Foto: Roar Halten / NRK

Halvparten utan kontrakt

Berit Tønnesen frå Opplæringskontoret Otek har ansvar for 120 lærlingar gjennom 41 medlemsbedrifter på Nordmøre. Ho meiner at det fireårige utdanningsløpet ikkje burde ha vore så sårbart for svingingane i næringslivet.

– Vi har ikkje nok lærlingplassar. Under halvparten får plass i dag på grunn av høg oljepris. Næringslivet her er leverandørar til oljebedrifter, som seier opp og permitterer tilsette. Dermed kan dei ikkje ta inn lærlingar, seier Tønnesen.

Ho etterlyser meir pengar, slik at elevar som står utan lærlingplass likevel skal få eit godt tilbod. Ikkje alle bedrifter er råka av nedgangstidene, og Tønnesen meiner at bedrifter som har gode tider, bør ha eit ekstra ansvar for å ta inn lærlingar no.

LES OGSÅ:

Må tenke langsiktig

Arnt A. Wærnes

Arnt A.Wærnes tar kvart år inn 11-12 lærlingar. Han meiner at tilskotet må aukast og at bedrifter burde sleppe arbeidsgivaravgift for lærlingane.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Arnt A. Wærnes er gründer og styreleiar i bedrifta Oss-nor. Dei tar imot lærlingar til trass for dårlege tider.

– Vi kan ikkje sjå på dagen i dag, men må sjå mange år fram i tid. Vi må ha lærlingar, seier Wærnes.

I tillegg til avdelinga i Kristiansund, har dei også ei avdeling i Hammerfest. For å sikre rekruttering der, vert ungdomane sendt til Kristiansund for å ta utdanning.

– Det kostar mykje å ha ein lærling, seier Wærnes. Lærlingen skal bli følgt opp, ha ein stad og bu og reise heim av og til.

Wærnes trur at vegen å gå for å få fleire til å ta inn lærlingar, er å kutte arbeidsgivaravgifta på dei og dessutan auke tilskotet.

Staten bør bidra

I Møre og Romsdal står 150 lærlingar utan plass. Bjarne Elde (Ap) er leiar i Utdanningsutvalet og seier at dei kjem til å jobbe intensivt for at minst halvparten av desse skal få lærlingkontrakt innan november.

– Vi har ein pott vi brukar til å støtte lærlingprosjekt, men vi skulle gjerne hatt større statleg tilskot no i nedgangstidene. Også vi er pressa økonomisk, seier Elde. Dei som ikkje får lærlingplass får tilbod om å gå eit tredje år på skulen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL