Hopp til innhold

Framleis 150 utan lærlingplass

Lærlingar i Møre og Romsdal som framleis manglar lærlingplass, får no tilbod om skule og kurs med tilhøyrande praksis.

ELEVER

Om lag 150 elevar står framleis utan lærlingplass i Møre og Romsdal i år. Seksjonsleiar Inger Sjømæling ved Utdanningsavdelinga i fylkeskommunen seier det er viktig å ikkje gi opp industrien, sjølv om det er vanskeleg akkurat no.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

I slutten av juli stod 215 søkjarar utan lærlingplass i Møre og Romsdal. Framleis manglar 150 elevar læringsplass i det komande året.

– No er jobb nummer ein å hindre at dei fell av lasset og dermed ikkje får fullført utdanninga si, seier seksjonsleiar Inger Sjømæling ved Utdanningsavdelinga i fylkeskommunen.

Arbeidet med å skaffe så mange som mogleg lærlingplass held fram utover hausten. Håpet er å kunne halvere talet på elevar utan lærlingplass innan november.

– Det er lite realistisk å tru at vi skal kunne skaffe lærlingplassar til alle dei 150, men vi sluttar ikkje formidlinga før 1. november, så vi arbeidar kontinuerleg med å prøve å plassere så mange som råd, seier Sjømæling.

Utforskar alternative løysingar

Sjømæling fortel vidare at dei no utforskar alternative løysingar for å kunne gi flest mogleg elevar lærlingplassar.

– Vi har sett i gang kurs i ulike fagområde. I tillegg prøvar vi å skaffe lærlingplassar på litt utradisjonelle område. Vi har blant anna ein avtale med Christian Radich og maritimt forum for Søre Sunnmøre for å skaffe ekstra plassar innanfor industrien og matrosfaget, seier ho.

Til trass for vanskelege tider, vil Sjømæling likevel ikkje rå ungdomane vekk ifrå ei framtid i industrien.

– Industrien seier sjølv at dei treng arbeidskraft om nokre år. Sjølv om det er ein nedgang no i år, og truleg også neste år, så vil eg framleis rå elevane til å søkje lærlingplassar, seier ho.

Men det er også viktig å ha ein plan B, meiner Sjømæling.

– Eg vil anbefale elevane å ha eit alternativ dersom dei ikkje får lærlingplass. På den måten unngår dei å stå heilt utan eit tilbod, seier ho.