Hopp til innhold

Ni av «Remøy»-mannskapet fekk reise heim

Etter at reketrålaren «Remøy» i vel to veker har blitt halde tilbake i Murmansk, starta i dag omlag halvparten av mannskapet på heimreisa.

Mannskap frå Remøy på veg til Murmansk

Her er ni av mannskapet på reketrålaren «Remøy» på veg inn til Murmansk. I morgon går turen vidare frå Kirkenes og heim.

Foto: Kjetil Ervik

Dei forlet trålaren i formiddag, og reiste med minibuss til Kirkenes. Der blir dei til i morgon, og då held heimreisa fram. To frå det norske konsulatet blir med på den første delen av turen. Konsulatet har forøvrig våre til god hjelp og støtte for mannskapet.

- Dette er sjølvsagt ei lette for dei som fekk reise, fortel skipper Kjetil Ervik.

Han og maskinsjefen, første maskinisten, styrmannen, kokken og tre fiskarar må bli igjen.

– Vi er vande med å vere vekke nokre veker, men det er litt verre når heimreisedatoen både er uviss og drar ut, fortel Ervik.

Rosar kvarandre

Skipper Kjetil Ervik om bord i reketrålaren Remøy

Skipper Kjetil Ervik rosar både eige mannskap, reiarlaget og det norske konsultatet.

Foto: Remøy Havfiske

Dei greier seg likevel godt om bord, sjølv om det inneber visse praktiske problem på heimebane. Barnedåp, kontraktar som skal skrivast under og avtalar som er gjort er berre noko av det som er sett på vent.

Reiarlaget har dei siste dagane arbeidd med å få bytta ut mannskapet, og no har altså omlag halvparten fått reise. Leiinga i selskapet har elles gitt ros til mannskap og skipper for måten dei har takla situasjonen på.

– Vi kan gjerne rose tilbake! Vi har fått godt med oppbakking og støtte, og klarsignal til å kjøpe inn det vi måtte trenge til ei kvar tid, seier Ervik.

Feil i skjema

Båten skulle avslutte rekefiske då det viste seg at Fiskeridirektoratet hadde kryssa av feil i eit skjema. Både dei om bord i «Remøy» og Remøy Havfiske trudde det var ein formell feil som raskt skulle la seg løyse, men slik gjekk det ikkje.

Båten blei brakt inn til Murmansk, og det har kome krav om kausjon på 90 millionar kroner for å sleppe båten fri.

– Som lyn frå klar himmel, har styreleiar Olav Remøy uttalt.

Trass i at stadig fleire har engasjert seg har saka dratt ut, og det er framleis uvisst når båten får gjere heimreis.

– No har vi ei tryggleiksbemanning om bord, men vi åtte som er igjen er klare til å starte heimreisa når som helst. Skulle det drøye veldig mykje lenger så må vel resten av mannskapet og bli bytta ut, seier Ervik.

Remøy ved kai i Murmansk

Reketrålaren «Remøy» og åtte frå mannskapet må framleis ligge ved kai i Murmansk.

Foto: Bård Wormdal