Hopp til innhold

Nedlagd barnehage blir asylmottak

Ålesund kommune vil bruke Myrland barnehage til å huse mindreårige flyktningar. 3–4 barn skal bu i barnehagen.

Myrland barnehage

Det er planlagt å bruke den nedlagde barnehagen som bustad for mindreårige flyktningar.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Myrland barnehage i Vegsund i Ålesund har stått tom i fleire år, fordi kommunen hadde nok barnehageplassar i indre bydel. No har eigedomsavdelinga i kommunen søkt om bruksendring for barnehagen. Planen er at 3–4 mindreårige flyktningar skal bu her, saman med tilsette.

– Vi har valt å ha ein modell med tett oppfølging av mindreårige flyktningar, der vaksne bur saman med barna i ein medleverturnus, seier flyktningkonsulent Vigdis Thoresen.

Straumen har stoppa opp

Politikarane i Ålesund kommune har sagt ja til å ta imot inntil 35 mindreårige flyktningar i år. Til saman skal kommunen ta imot 150 flyktningar, men Thoresen ser at tilstrøyminga har stoppa opp og at behovet ikkje er like stort som det var.

– Vi har ikkje mottatt like mange førespurnader, der vi må handle hurtig. Eg har prata med departementet og forstår at det ikkje kjem like mange barn som det gjorde for ein periode sidan, seier Thoresen.

Kommunale bygg

Kommunen prøver å ta i bruk ledige kommunale bygg som bustader. Dei ser på barnehagen i Myrland som ei midlertidig løysing som skal vare i fem år.

– Å finne bustader er ei utfordring kvart år og vi ser stadig på ulike løysingar. Så langt har det gått greitt, men det kan vere at vi må snu oss meir mot det private etter kvart, seier Thoresen.

Myrland barnehage blir det sjette bufellesskapet for mindreårige flyktningar i Ålesund.