Hopp til innhold

– Nyheita kom ikkje som eit sjokk

Bjarte Bergseth, NITO-tillitsvalt ved Havyard i Fosnavåg, seier at dei ikkje vart overraska over at selskapet må kutte hundre årsverk.

Havyard 820

Torsdag ettermiddag kom nyheita om at Havyard Group skal kutte hundre årsverk i den komande tida.

Foto: Illustrasjon: Havyard/Gunnar F.

Torsdag ettermiddag kom nyheita om at Havyard Group skal kutte hundre årsverk i den komande tida. Omstilling for å sikre framtidig lønsemd og dårlege tider i den maritime bransjen skal vere årsaka til kutta.

Havyard Group har om lag 780 tilsette i konsernet der ca. 680 jobbar i Noreg. Hovudkontor til Havyard Group er lokalisert i Fosnavåg, og har nærare 190 tilsette. I dag vart dei tilsette samla til eit allmøte der dei vart informer om situasjonen.

Bjarte Bergseth, NITO-tillitsvalt ved Havyard Design & Solutions i Fosnavåg, fortel at beskjeden ikkje kom som ei overrasking.

– Nei det kom ikkje som eit sjokk. Eg visste det allereie før eg gjekk ut i ferie, og det verka ikkje som om dei tilsette var spesielt overraska heller, seier Bergseth.

– Det er aldri kjekt å få ein slik beskjed, men dei fleste hadde forståing for det. Dei er klar over den situasjonen vi er i no, held han fram.

Mellom 5–10 må gå

Den økonomiske situasjonen i den maritime bransjen har vore krevjande den siste tida. Over 54 norske offshoreskip ligg no i opplag, og fleire reiarlag har måtte permittere eller seie opp tilsette. Marknaden er dårleg, konkurransen er tøff, og det er mange om kontraktane.

– Dersom ein ser på dei nedbemanningsplanane og ordrereservane vi har føre oss så ser ein at dette var eit nødvendig tiltak, dersom det ikkje dukkar opp noko meir, seier Bergseth.

– Det er sjølvsagt ikkje ein ønskeleg situasjon. Vi hadde både håpt og ønskja å få fleire kontraktar, men slik vart det altså ikkje, held han fram.

Det er enno uklart kor mange stillingar som blir kutta i Fosnavåg, men Bergseth seier at det truleg er snakk om 5–10 tilsette ved avdelinga Havyard Design & Solutions.

– Av dei om lag 70 som jobbar på denne avdelinga er det truleg snakk om mellom 5 og 10 ettersom det vil vere ein del av dei som no er tilsett i Stavanger som vil få tilbod om jobb her, seier han.

Reduksjonen i talet på årsverk blir gjennomført i tett samarbeid med arbeidstakerorganisasjonene og gjennom naturleg avgang og oppseiingar.

– Oppgåva til dei tillitsvalde blir å sørge for at denne prosessen blir gjennomført på ein ryddig måte, og at dei rett kriteria blir lagt til grunn for å vurdere kven som får behalde jobben. Og så blir det opp til leiinga og bestemme kven det blir, seier Bergseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL