Natt til 1. nyttårsdag måtte Hovudredningssentralen for Sør-Noreg igjen aksjonere etter tips om tre naudrakettar midtfjords i Grytafjorden i Haram på Sunnmøre. Og meldingar om dei illevarslande, raude eldkulene har blitt fast tradisjon langs heile kysten når nyttårsaftan nærmar seg.
Då blir utrangerte naudrakettar skotne opp som fyrverkeri, og utløyser stadige redningsaksjonar.
– Det er tragisk at folk ikkje respekterer forbodet. Når folk brukar naudrakettar set dei andre etatar i beredskap slik at ressursane er opptatt. Det kan gå ut over andre, seier brannsjef Geir Thorsen.
Vil ha returordning for naudblussa
No tek brannsjefen til orde for ei bytteordning som gjer at utrangerte naudrakettar frå den profesjonelle fiskeflåten må leverast inn før reiarlaga får ut nye. På den måten vil han få bukt med praksisen der reiarlaga deler ut gamle naudbluss til tilsette.
Berre i 2017 hadde dei to hovudredningssentralane 21 meldingar om naudrakettar. Ved nærare ettersyn viste det seg at to av meldingane viste seg å kome frå folk som verkeleg var i naud.
– Dersom det blir skote opp naudrakettar på alle holmar og skjær, har vi rett og slett ikkje ressursar til å hjelpe dersom det skulle vere nokon i det mylderet som verkeleg treng hjelp. Og det er eit stort problem for den som er i naud, seier redningsleiar Kjetil Hagen ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.
Vil ha bukt med gamal tradisjon
For to år sidan måtte 21 bebuarar i Giske på Sunnmøre evakuerast på grunn av ulovleg oppskotne naudbluss som førte til brann. Fleire andre brannar same natta førte til at politi og brannvesen gjekk ut med ei felles pressemelding året etter der dei viste til tradisjonen som mange reiarlag har hatt med å dele ut utgåtte naudrakettar til tilsette.
Men i år igjen var naudblussa på himmelen fleire stader over landet. I Måløy i Sogn og Fjordane var himmelen raud av naudrakettar ved midnatt.
Informasjonsleiar Odd Kristian Dahle i organisasjonen Fiskebåt er positiv til forslaget om returordning, men usikker på om det er råd å gjennomføre.
– Det er ikkje berre den profesjonelle flåten som har naudutstyr ombord. Kven som helst kan gå inn i ein båtbutikk og kjøpe naudbluss og naudrakettar, så ein vil ikkje nødvendigvis få hand om alle med eit slikt forbod, seier han.
Les også: