Hopp til innhold

Mange sende opp naudrakettar

Det var mange som ikkje følgde oppmodinga frå Hovudredningssentralen, og sende opp naudrakettar under nyttårsfeiringa i natt.

Naudbluss over Måløy

MÅLØY: Naudrakettane hang tett i tett over Måløy.

Foto: Eva Westvik / NRK

– Det er ulovleg og det er av ein grunn. Ein set andre sitt liv i fare om ein sender opp ein naudrakett utan å vere i naud, seier Kjetil Hagen ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

Hovudredningssentralen kom med ei oppmoding i går om å ikkje sende opp naudrakettar. Likevel vart det mange stadar i natt skote opp naudrakettar under nyttårsfeiringa.

FLORØ: Utanfor Florø kunne ein sjå fleire naudrakettar i lufta rundt midnatt.

Det var sendt ut ei redningsskøyte til Grytafjorden utanfor Ålesund i natt, etter at det vart meldt inn observasjon av tre naudrakettar over fjorden.

– Vi valde å reise ut på denne meldinga sidan det var indikasjonar på at dei var skote opp over vann, fortel Hagen.

Dette viste seg å vere falsk alarm. Sjølv om naudrakettar er sende opp over land, er det vanskeleg for Hovudredningssentralen å vite kva som er reelt og ikkje.

– Ein ringer ikkje 112 for å tulle. Då bør ein heller ikkje sende opp ein naudrakett utan grunn, seier Hagen.

Forstår at det er freistande

Redningsskøyta Halfdan Grieg låg til kai i Måløy i natt. Styrmann Ronny Skarheim er vand med å sjå naudrakettar på nyttårsaftan og han forstår at det kan vere freistande å sende dei opp.

– Mange har naudrakettar som er gått ut på dato og eg skjønner det kan vere freistande å bruke dei. Vi skulle helst sett at dei ikkje blir brukt, men skal ein sende dei opp må ein gjere det på slaget tolv, og ikkje eit kvarter før, slik det var mange som gjorde i går.

Skarheim fortel at dei var klart og fint ver i Måløy i går og dermed lett å sjå kvar rakettane kom frå.