Hopp til innhold

Naboar meiner dei får forringa livskvalitet

Naboar ved industriområda i Kristiansund meiner at det ikkje blir tatt nok omsyn til dei som bur der.

Klipp fra valgstaffeten 120915

Miljø var tema i NRK sin valstafett. Her kan du sjå heile debatten frå Kristiansund om industri og bustadområde. Jan Ole Eilertsen bur like ved Vestbase.

Vallogo
Vestbase AS Vestbase AS

Vestbase har blitt utvida enormt sidan starten på 80-talet.

Foto: Harald M. Valderhaug

I 1980 starta Vestbase med eit areal på seks mål. I dag er området utvida til 600 mål. 60 firma held til her og det er bygt 11 kaier og det er 2500 kaianløp her årleg.

Jan Ole Eilertsen, som er leiar for Vikan velforeining har budd i området sidan før industrien kom. Han minnest korleis dei kunne bade ved kaia. I starten merka dei lite til utbygginga, men etter kvart som dei starta å laga fyllingar, kom protestane.

– Fyllingane gjekk til slutt inn i stovedøra til folk, seier Eilertsen. Naboane har til tider vore plaga av støy, men no når det har kome hallar, er det eit mindre problem. I 2011 vart det bestemt at Vestbase skulle utvide.

– Då skulle dei fylle på nytt og vi protesterte kraftig, seier Eilertsen.

Krevjande balansegang

Kirsten Irene Skaret

Kirsten Irene Skaret seier at det er ein vanskeleg balansegang.

Foto: Roar Halten / NRK

Kirsten Irene Skaret leiar byggekomiteen i Kristiansund kommune. Ho innrømmer at det er ein vanskeleg balansegang og at konflikten mellom næring og bustadområde har vore krevjande.

– Vi ser oss ikkje blind på at bedriftene lover arbeidsplassar, men vi er glade for at næringslivet vil etablere seg i kommunen. Målet er jo at næringslivet skal gi oss økonomi til å levere gode velferdstilbod, seier Skaret. Ho understrekar at Kristiansund har mange grøne lunger.

Saknar heilskapleg planlegging

Asle A. Orseth

Asle A. Orseth er ordførarkandidat til MDG.

Foto: Roar Halten / NRK

Asle O. Orseth er ordførarkandidat til Miljøpartiet de Grønne. Han ser at Vestbase har betydd mykje for Kristiansund, og at ein har eit klassisk dilemma som går på vern eller vekst.

– Alt kan ikkje målast i kroner og ører. Biologisk mangfald, nærleik til rekreasjibnsområde og livskvalitet må også telje, seier Orseth. Han saknar ei heilheiltleg planlegging av arealbruk, der fleire nabokommunar planlegg saman.

.