Hopp til innhold

Gler seg til å møte Sanner

Ordføraren i Haram, Bjørn Sandnes (H), gler seg til å møte kommunalminister Jan Tore Sanner i dag. Sanner skal treffe ordførarane på Sunnmøre for å diskutere kommunereforma.

Bjørn Sandnes

Ordføraren i Haram, Bjørn Sandnes (H), gler seg til å få råd frå Sanner.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg har store forventningar til møtet for no har me halde på i tre-fire månader og jobba med prosjektet «Regionkommune Sunnmøre», og så skal me jobbe fram til slutten av august med ein rapport me skal legge fram, seier ordførar i Haram, Bjørn Sandnes (H).

Skal diskutere storkommunen

Jan Tore Sanner

Jan Tore Sanner skal diskutere kommunereforma med ordførarane på Sunnmøre tysdag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Eit sentralt tema i møtet med Sanner blir arbeidet med ein storkommune på Sunnmøre.

Sandnes trur ikkje kommunalministeren vil dra noko gulrot opp av hatten, men kanskje har Sanner nokon råd å gi.

– No skal me fortelje statsråden kva dette prosjektet dreiar seg om, og så ynskjer eg tilbakemeldingar frå Sanner, seier Sandnes.

– Kanskje me får nokre råd vidare. Så skal me sjølvsagt ha mogelegheit til å stille dei spørsmåla som me vil ha svar på, så det blir spanande, seier han.

God prosess

Sandnes meiner arbeidet med storkommuneprosjektet har vore ein svært god prosess.

– Det har vore ein veldig god prosess, fordi me gjer denne jobben sjølv. Det er politikarane og administrasjonsfolk i alle desse 13 kommunane som er veldig involvert i denne prosessen, seier Sandnes.

– Me har jobba i fire forskjellige arbeidsgrupper, og no har to av dei levert sitt arbeid. Det ser veldig bra ut, legg han til.

– Ein del kan falle frå

Å samle 13 kommunar til ein stor sunnmørskommune er eit krevjande prosjekt, også fordi fleire av landkommunane er skeptiske til ein samanslåing med Ålesund.

Den skepsisen har minka, meiner Bjørn Sandnes.

– No er det ikkje alle som har hatt noko særleg skepsis mot Ålesund. Det er nokon som har det, og eg trur at det arbeidet me har hatt så langt gjer at eg trur skepsisen ikkje er så stor som den var, seier han.

Reknar du med at ein del kommunar kjem til å falle frå?

– Eg ser ikkje vekk frå det. Eg trur ein må vera realistisk og seie at det kan vera ein del som kan falle frå, men det vil prosessen vise, seier Sandnes.

– Me skal halde på fram til slutten av august, og så er det dei neste kommunestyrepolitikarane som skal gjere vedtak i løpet av eitt år, altså før juli neste år, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL