Hopp til innhold

Dette er truleg Mørebenken 2013-2017

Det er spennande til siste slutt. Men mykje tyder på at dette er Mørebenken 2013–2017.

Mørebenken 2013-2017

Dette kan bli Mørebenken 2013-2017, Fredric Holen Bjørdal (Ap) manglar på bildet. Frå venstre: Pål Farstad (V), Else-May Botten (Ap), Jenny Klinge (Sp), Rigmor Andersen Eide (KrF), Elisabeth Nørve (H), Helge Orten (H), Oskar Grimstad (Frp) og Harald Nesvik (Frp).

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Rundt klokka 2345 samla reporter Bergljot Hjorthol det som truleg blir Mørebenken 2013–2017.

Men når det nærmar seg morgon tysdag er det framleis ikkje 100 prosent avklart kven som skal representere Møre og Romsdal på Stortinget. Størst er spenninga rundt mandatet til Pål Farstad (V), og om Høgre får inn tredjemann på lista, Arnulf Goksøyr.

Fornøgd

Helge Orten (H)

Helge Orten (H)

Men listetopp Helge Orten er uansett svært glad for valresultatet.

– Vi er veldig glade for at Erna Solberg no blir statsminister. Vi har jobba lenge no, og eg synest vi har fullført med stil, seier han til NRK.

Les også:

Orten er likevel klar på at det kan bli vanskelege forhandlingar framover når Høgre, Frp, Venstre og KrF skal bli samde om ei felles regjering.

– Men alle har sagt at dei vil søke å finne ein felles plattform, så får vi berre sjå kva som kjem ut av det, seier han.

Les også:

– Endeleg!

Bergljot Hjorthol

Bergljot Hjorthol intervjuar det som truleg er den nye Mørebenken.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Også i Frp-leiren er det god stemning no i kveld. Siv Jensen gjekk i kveld på talarstolen for å slå fast at Frp er klare for å gå i regjeringsforhandlingar.

– Endeleg! Dette er ei fantastisk kjensle. Partiet er 40 år. No er vi vaksne. No er vi klar, seier listetopp Harald Nesvik i Møre og Romsdal Frp.

Medan både Høgre og Frp er sikre på at dei skal klare å bli samde med dei andre borgarlege partia, er ikkje Rigmor Andersen Eide i KrF like skråsikker.

– Det vi har sagt, er at vi skal snakke med alle. Og så må tyngda til KrF bestemme om vi skal gå i regjering. Og det må eg berre seie, eg tvilar litt på om KrF går i regjering med Frp. Men det vil forhandlingane dei neste dagane avgjere, seier ho.

Usikker

Pål Farstad (V) kan bli den første stortingsrepresentanten frå Kristiansund på 20 år dersom finteljinga ikkje endrar mandatfordelinga.

– Eg tar ingenting for gitt før alle stemmene er talde. Men det ser veldig bra ut, seier Farstad.

Det var også lenge knytt stor spenning til om Jenny Klinge (Sp) kan halde fram i jobben sin på Stortinget etter valet. No ser det ut til at plassen er sikra. Ho kan likevel få ein dårleg dag i morgon.

– Eg har laktoseintoleranse og åt eit stort blautkakestykke i stad. Det kjem eg nok til å merke i morgon, men litt feiring må ein ha, seier Klinge til NRK.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Møre og Romsdal» i nytt vindu

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL