Hopp til innhold

Klinge: – Eg treng ikkje fiber for å få fart på systemet

Valvaken til NRK Møre og Romsdal er i gang. For nokre betyr valresultatet vinn eller forsvinn. Jenny Klinge (Sp) er ei av dei som kan miste stortingsplassen.

Else-May Botten (Ap) og Jenny Klinge (Sp)

Else-May Botten (Ap) og Jenny Klinge (Sp) er svært spente og nervøse timar før valresultatet er klart.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Eg treng ikkje akkurat fiber for å få fart på systemet, seier ei nervøs og spent Klinge til NRK få minutt etter at ho har entra redaksjonslokala til NRK Møre og Romsdal i Ålesund.

  • NRK Møre og Romsdal følgjer den spennande oppteljinga i samband med Stortingsvalet 2013. Her får du resultata og kommentarane ut over kvelden og inn i natta.

    Sjå valsendinga for Møre og Romsdal

Kan vere slutt

Jenny Klinge har hatt arbeidsplassen sin på Stortinget dei siste fire åra. No kan det vere slutt.

NRK Møre og Romsdal sin kommentator, Trond Vestre, slår fast at det truleg står mellom Klinge, Oskar Grimstad (Frp) og Arnulf Goksøyr (H). Ein av dei er truleg ute.

Men Klinge er ikkje berre nervøs. Ho er også optimistisk.

– Håpet er at Høgre berre får med to. Då trur eg at eg er inne, seier ho.

Ho får støtte av Else-May Botten (Ap). Også ho er svært spent på kva kvelden vil bringe.

– Eg har det bra, men er kjempespent. Eg er kjempegira og klar til å bite ifrå meg uansett.

Men sidan ho toppar lista til Arbeidarpartiet, er ho på trygg grunn sjølv. No er det dei to neste på lista ho er uroa for. Fredric Holen Bjørdal på andre plass er også ganske sikker. Verre er det med Tove Lise Torve som står på tredjeplass på lista.

– Har kjent det heile dagen

Helge Orten (H)

Helge Orten (H) er spent, men optimistisk.

Helge Orten har førsteplassen på Høgre si liste, og er dermed trygg på ein plass på Stortinget dei neste fire åra. Men han er likevel svært spent på kor mange partiet hans får inn frå Møre og Romsdal.

– Vi skulle svært gjerne hatt inn tre. Det står nok mellom Arnulf Goksøyr (H), Jenny Klinge (Sp) og Oskar Grimstad (Frp).

Sistnemnde kjem først til valvaken klokka 21.30, men gruppeleiaren til Frp på Fylkestinget, Frank Sve, er roleg.

– Eg ser at vi har gått jamt opp på meiningsmålingane siste tida, så eg har trua på at dette går vegen, seier han.

Hadde ikkje høyrt om valvake

Styrk Finnøy

Styrk Finnøy (Miljøpartiet de grønne) er på si første valvake.

På valvaken til NRK er dei fleste listetoppane i Møre og Romsdal på plass. For ein av dei er dagen ekstra spesiell. Styrk Finnøy toppar lista til Miljøpartiet de grønne.

– Eg hadde ikkje høyrt ordet valvake før eg starta med politikk no nyleg. Eg har det flott i kveld, men er veldig spent på resultatet. Det hadde vore ein lettelse om vi kom oss over sperregrensa, seier han.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Møre og Romsdal» i nytt vindu