NRK Meny
Normal

– Eg kjenner spelet og argumenta godt etter alle desse åra

Han har site på Stortinget i 16 år. Og han vil gjerne site i fire år til. Harald Tom Nesvik er blitt ein av veteranane på Stortinget.

Harald Tom Nesvik

Harald Tom Nesvik er blitt veteran på Stortinget. – Eg har fått stadig større innblikk i spelet og argumenta, seier han. No vil han ha ein ny periode på Stortinget.

Foto: Terje Reite / NRK

Men då nominasjonsprosessen starta i god tid før valet i |997, var det lite som tyda på at Harald Tom Nesvik skulle bli stortingsmann. Framstegspartiet hadde lagt bak seg ein periode utan stor oppslutnad, og ei listeplassering bak Lodve Solholm såg ikkje ut til å skulle føre til mange opptredenar i nasjonalforsamlinga.

Eg såg for meg nokre dagar som vararepresentant. Men no har de blitt 16 år, og det skal i alle fall bli 20.

Harald Tom Nesvik

– Eg hadde sagt ja til å stå på andreplass på lista. Eg såg for meg at eg skulle vere vara for Lodve, og tenkte nok at eg kunne få nokre få dagar som gjest på Stortinget. Men eg fauk rett inn, her vart eg verande og her vil eg vere i fire år til, seier Harald Tom Nesvik med eit fornøgd smil.

– Veit kva som skal til

Harald Tom Nesvik blei vald inn på Stortinget saman med FrP-profilar som Siv Jensen og Per Sandberg. Det er eit stykke fram til representantar som Erna Solberg og Marit Nybakk, som alt har lagt bak seg 6 periodar på Stortinget. Men frå hausten er etter alt å døme Harald Tom Nesvik i gang med sin femte periode.

Eg har ikkje vore på kino og teater i Oslo på alle desse åra.

Harald Tom Nesvik

– Etter så lang tid har eg så klart lært meg å kjenne spelet og argumenta. Og ein veit kva knappar ein skal trykke på, kva avgjerder som skal takast og kva som skal til for å få gjennomslag, seier Nesvik.

Harald Tom Nesvik

Harald Tom Nesvik arbeider på kontoret på Stortinget frå tidleg til seint. Og han rosar arbeidstilhøva på Stortinget.

Foto: Terje Reite / NRK

– På Tinget frå tidleg til seint

Han ruvar godt der vi går gjennom korridorane på Stortinget. Han er heldig, og har fått kontor i sjølve stortingsbygningen. Andre må gå gjennom den underjordiske tunnelen for å kome til kontora i eit kvartal sør for sjølve Stortinget.

– Her bur eg, seier han. Og det er nesten slik at det ikkje er tull. Harald Tom Nesvik er av den politikartypen som held seg innanfor Stortinget veggar store deler av døgnet.

– Her er eg frå tidleg om morgonen, og eg dreg som regel ikkje heim i stortingsleilegheita før etter at Kveldsnytt er ferdig. Eg les alle dokument og rapportar, og skriv alle innlegga mine sjølv. Eg er grundig. Og på desse åra i Oslo har eg aldri vore på kino eller teater.

– Høyrer eg rett? Aldri på kino eller teater, her som du er omringa av kulturtilbod?

– Mitt sosiale liv, det lever eg heime i Ålesund. Når eg er her i Oslo er det jobb frå tidleg til seint. Og eg skil sterkt mellom jobb og det private livet.

– Men nokon må jo invitere deg på teater her, ein dag …

– Ja, eg fortalde om dette til Fabian Stang her ein dag. Med eit smil sa han at dette måtte han få ordna opp i, han såg det som si plikt, seier Nesvik og bryt ut i eit stort glis. Og så legg han til at han har jo fått med seg NOKO utanfor veggane til Stortinget: Eg har vore på eit par cupfinalar på Ullevål, skrattar han.

Nesvik Hoksrud

Harald Tom Nesvik har opparbeidd seg ein sentral plass i Framstegspartiet. Her er han saman med Bård Hoksrud under ein konferanse i regi av Framstegspartiet.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Gode arbeidsforhold

Men det er sant: Han er på Stortinget frå tidleg til seint. Og det er fullt mogleg, for Stortinget inneheld så mykje meir enn møtesalar og kontor.

Her kan eg ete både lunch og middag, og eg avrundar gjerne dagen med ein tur i treningsstudio i kjellaren. Før han begynte på Stortinget var han instruktør på treningsstudio i Ålesund. Og han legg til: – Det er gode arbeidsforhold på Stortinget. Den som seier noko anna snakkar ikkje sant, seier han med ettertrykk.

– Unntakstilstand i 16 år

Men livet utanfor jobben, det lever Harald Tom Nesvik heime i Ålesund. Og når telefonen kimar på det meste mens vi er på besøk på kontoret hans i Stortinget, er det frå Ålesund telefonane kjem.

– Vi er akkurat i gang med å bytte hus. Og vi er i ferd med å kjøpe nytt. Men det er i same nabolaget, i Larsgården.

Der bur han saman med kona og barna. Og han er saman med dei så ofte han kan.

– Vi har levd i ein familiær unntakstilstand i 16 år. Ungane veit ikkje om noko anna liv. Dei blei fødde etter at eg blei vald inn på Stortinget. Og familien har nok tilpassa seg min situasjon. Men det blir ei tøff prioritering for å få dette til å gå, og eg prioriterer å vere saman med familien så mykje eg kan, seier han.

Denne måten å prioritere på vekte oppsikt i sommar, då Harald Tom Nesvik valde å reise på tur med familien før Stortinget hadde teke ferie.

– Media kan ikkje ha mykje å kritisere Frp for no for tida. Dei skal ta ein mann som jobbar kvar helg året rundt, Eg prioriterer mine barn. Eg er ein god far. Med dagens internett, mobilar etc så vil ikkje det at eg tek meg tre dagar saman med barna mine bety at eg ikkje arbeider. Dette er rett og slett smålig av media, skreiv Harald Tom Nesvik på Facebook-profilen sin då denne saka stod på trykk.

Harald T. Nesvik, Frank Sve, Oskar Grimstad

Valnatt er ofte tid til debattar om strategi. Her er dei sentrale FrP-politikarane Harald Nesvik, Frank Sve og Oskar Grimstad under ein diskusjon sist valnatt.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Nært på heimemiljøet

Barna til Harald Tom Nesvik er aktive i fotballklubben Rollon i Ålesund. Sjølv om Nesvik har arbeidet sitt i Oslo, følgjer han opp aktivitetane til barna heime i Ålesund.

Eg sit i hovudstyret i Rollon. Og kona mi er oppmann for eitt av laga. Det er viktig å delta der barna er aktive, seier han.

Han fortel at han tidleg i den politiske karrieren bestemte seg for å halde nær kontakt med miljøet heime i Ålesund.

Eg er ein ombodsmann for Møre og Romsdal, og ein må ikkje gløyme kvar ein kjem frå, seier han. Derfor var det viktig for meg å ha direkte tilknyting til bystyret i Ålesund også, sjølv om eg må medgje at eg ikkje har høve til å delta på alle møta.

Men mange, mange timar i døgnet oppheld Harald Tom Nesvik seg på kontoret på Stortinget. Og han arbeider grundig.

Eg går djupt inn i alle dokument. Eg les alle dei offentlege utgreiingane som er knytt opp mot sakene vi arbeider med. Og eg skriv alle innlegga eg held sjølv. Eg likar å ha god kontroll på det vi driv med, smilar han.

– Alltid aktiv

Han karakteriserer seg sjølv som ein kar som alltid har vore aktiv. Han blei fort vald inn i elevråd på barneskulen og ungdomsskulen. Han markerte seg politisk då han gjekk på vidaregåande og var tillitsmann i det militære.

Vi starta FpU på datarommet på Latinskolen i Ålesund, minnest han.

Likevel var det ikkje politikar han hadde tenkt å bli. Han såg for seg at han skulle arbeide i næringslivet.

– Eg skulle drive bisnis og jobbe i utelivsbransjen, seier han.

– Er for alltid «dørvakta»

Og arbeidet i utelivsbransjen sette ein slags merkelapp på han, som følgde han langt inn i korridorane på Stortinget.

Eg høyrde eg blei omtalt som «han der dørvakta». Dette blei eg omtalt som lenge etter at tida som dørvakt var eit tilbakelagt stadium. Men har du vore dørvakt ER det liksom DET du blir omtalt som, humrar han.

Han konstaterer at studia i eksportretta marknadsføring og det å ha forfatta ei lærebok i produksjonlære for fiskeindustrien ikkje har festa seg like godt.

Korleis i all verda har du fått tid til å skrive lærebok om produksjonslære i fiskeindustrien, då?

Den skreiv eg saman med læraren min, og mykje av arbeidet gjekk føre seg medan eg arbeidde som nattevakt på Hotell Scandinavie i Ålesund, skrattar han.

– Brundtland vekte meg politisk

Så avslører Harald Tom Nesvik at det verken var partistiftaren Anders Lange eller partilegenden Carl I. Hagen som vekte han for politikken. Nei, det var faktisk mannen til tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, Arne Olav Brundtland.

Arne Olav Brundtland hadde eit engasjement for sikkerheitspolitikk, utanrikspolitikk og Forsvaret. Engasjementet hans tente meg. Han var Høgre-mann, men Unge Høgre var ikkje noko for meg. FpU eksisterte ikkje i Ålesund. Men vi oppretta det, og då gjekk det slag i slag, minnest han.

– Blei verande etter «Dolkesjø»

I FpU blei han engasjert saman med fleire av politikarane som forsvann ut av Frp etter oppgjeret på Bolkesjø i 1994. Harald Tom Nesvik valde å bli verande i partiet.

Mange av dei eg var politisk aktiv saman med forsvann etter Bolkesjø-oppgjeret, eller «Dolkesjø» som mange valde å kalle staden der vi hadde landsmøte i 1994. Eg ville halde fram i partiet. Og eg meiner det var eit klokt val, seier Nesvik.

– Alvheim lærte meg opp

Harald Tom Nesvik seier han har lært mykje i dei 16 åra han har site på Stortinget. Og han trekkjer fram éin mann som har lært han ekstra mykje.

– Det er John Alvheim. Eg jobba tett saman med han dei 12 første åra på Stortinget. Han hadde eit stort engasjement, og alt eg har lært om helse og omsorg, det har eg lært av han. Han fekk meg inn i sosialkomiteen. Det var faktisk mot mitt ønskje, men det var lærerikt og noko eg ser tilbake på med glede, seier Nesvik.

Helse- og næringspolitikk

Harald Tom Nesvik pratar seg varm om helse- og sosialpolitikk, som han var så aktiv med på i 12 år. Han snakkar om privat engasjement i helsepolitikken, om rett prising av tenester og om pasienten som lett står tapande att i den politiske striden om organiseringa av helsevesenet.

Og han snakkar om næringslivet, det fantastiske næringslivet vi har i heimfylket Møre og Romsdal.

Å legge til rette for eit godt grunnlag for næringsutvikling er sjølve draumen. Og Møre og Romsdal er ein fantastisk stad for å skape arbeidsplassar og drive gründerverksemd.

I nesten eitt og same andedrag rosar han vinsjproduksjonen på Harøya, dei maritime bedriftene fleire stader langs kysten, møbel- og madrassproduksjon.

Dette er verksemder som er bygde opp av dyktige personar over generasjonar. Og eg har vore så heldig at eg har fått vere ferievikar i fleire av desse bedriftene, rett og slett for å sjå og få lære. Og eg lærte fantastisk mykje, seier han bestemt.

– Du fekk sjå reine suksesshistorier?

Ja. Men det er også slik at når verda opplever vanskelege tider økonomisk, då merkar også Møre og Romsdal det. Vi har eit eksportretta næringsliv. Vi ser at ei bedrift som Stordal Møbler plutseleg kom i ein forferdeleg situasjon. Sånt påverkar meg personleg også, seier han. Dei har fantastiske produkt, men det må gjerast noko med kostnadsnivået i Noreg.

– Annonserer ikkje slutten

Harald Tom Nesvik står på topp på FrP-lista i Møre og Romsdal. Det må eit politisk jordskjelv til om han ikkje skal bli innvald. Nå han er ferdig med den komande perioden har han site på Stortinget i 20 år.

Blir dette di siste periode på Stortinget, Harald Tom Nesvik?

Hah, nei det får du meg ikkje til å spekulere i. Eg kjem aldri til å seie at dette er den siste perioden min. Seier eg noko slikt blir eg liksom sitande på oppseiing, og det er ikkje aktuelt.

– Men der er ei tid for alt ...

– Jada. På eitt eller anna tidspunkt vil det kome ein dag då eg vil sende eit signal om at eg kan vere tilgjengeleg for eitt eller anna i det private næringslivet. Men ingen veit når den tida nærmar seg.

Og om FrP kjem i regjeringsposisjon trengs det jo statsrådar ....

Der er det i alle fall sikkert at eg har berre eitt svar: Det er INGEN kommentar, seier han. Han seier det med eit blikk som kunne vere fristande å tolke. Tida vil vise, og først er det ein valkamp som skal gjennomførast og eit val Harald Tom Nesvik gjerne vil vinne.