Hopp til innhold

– Gjennom samferdslepolitikken skal vi byggje regionen

Frå kontorvindauget sitt har Helge Orten fri sikt direkte til bedrifta Aker Midsund. – Det er ei suksessrik bedrift, og eit godt eksempel på at det verkeleg går an å drive næringsutvikling i distrikta, seier han.

Helge Orten

Helge Orten er Høgre sin førstekandidat på Stortingsvallista i Møre og Romsdal. Han vonar han skal få ein plass i Samferdslekomiteen når han blir vald inn på Stortinget.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er ein typisk sommardag i Møre og Romsdal. Skodda heng lågt ned i fjella på Midøya og ein kald vestavind står inn fjorden. På veg for å møte Høgre sin førstekandidat i Møre og Romsdal, Helge Orten, får vi klar beskjed.

Å stå på førsteplass er eit stort ansvar. Det forpliktar.

Helge Orten

– Du kan ikkje køyre feil her i Midsund. Du kjem fram enten du tek til høgre eller venstre. Det kan faktisk løne seg å køyre motsett av det trafikkskilta viser, seier Helge Orten på telefonen og bryt ut i ein god latter.

Ferja slepper oss på land på Dryna, og skal halde fram ferda i sommarkulingen mot Fjørtofta og Harøya. Ved det første vegkrysset held vi til venstre, sjølv om Helge Orten meir enn antyda at vi like godt kunne halde til Høgre.

I praktisk politikk er det viktig å vere løysingsorientert og pragmatisk.

Helge Orten
Helge Orten

Helge Orten mottok blomar og gratulasjonar då det blei klart at han skal toppe Høgrelista ved Stortingsvalet i 2013.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det blir forandring

Helge Orten gav frå seg ordførarklubba i Midsund i 2011. Då hadde han bak seg to periodar som markant Høgre-ordførar i Midsund. No tek han imot oss i kontoret i andreetasjen på Statoil-stasjonen i Midsund. Der skjøttar han ei rekkje fylkeskommunale verv, vervet som fylkesleiar i Høgre og nokre engasjement i det private næringslivet.

Det blir litt forandring når eg kjem inn på tinget, ja. Eg avviklar vel dette kontoret, ja, og så flyttar eg frå småbruket og over til ei leiligheit som det er mindre arbeid med, seier han.

– Eit stort ansvar

Han står på førsteplass på Høgrelista, og er dermed temmeleg sikker på å kome inn på Stortinget. Det betyr imidlertid ikkje at han vil lene seg bakpå i valkampen.

Nei, tvert om. Å stå på førsteplass er eit stort ansvar. Eg har hovudansvaret for at Høgre skal få inn tre representantar frå Møre og Romsdal. Det ligg eit ansvar på alle, men mykje av det kviler på meg. Å ta på seg denne oppgåva forpliktar, så her skal det leggast ned ein skikkeleg arbeidsinnsats, seier han ivrig.

– Møreaksen vil endre fylket

Ein samtale med Helge Orten handlar fort om samferdsle, og særleg om Møreaksen. I dag ligg Midsund litt på sida av den store samferdslestraumen i Møre og Romsdal. Når Møreaksen kjem, med samband sørover til Ålesund via Tautra og austover til Aukra og Molde, blir Midsund eit samferdslesentrum.

– Med Møreaksen skal vi byggje regionen. Vi skal fjerne hindringane som ferjene er. Møreaksen vil endre heile fylket og utfordre etablerte strukturar til det positive, seier han.

Noko av dei etablerte strukturane handlar om fogderigrensene i Møre og Romsdal. Folket i Midsund er heilt klart romsdalingar. Men dei har også sterke band til Haram og resten av ålesundsregionen. Romsdalingar og sunnmøringar kjem tettare saman når Møreaksen blir realisert, seier Orten.

Vi skal byggje ned hindera som fogderigrensene har etablert i dette fylket. Men så skal vi ta vare på det positive ved at vi er sunnmøringar, romsdalingar og nordmøringar. For det er ingen tvil om at fogderistriden også har positive sider. Konkurranse er positivt og er med på å skape ei framdrift, seier Orten.

– Perspektivet er stort

Helge Orten blir ivrig når han snakkar om samferdslepolitikk. Han gler seg til å kome på Stortinget, for han veit at det kjem til å kome ei rekkje store prosjekt å ta stilling til dei komande fire åra. Og han legg ikkje skjul på at Møreaksen skal bli eitt av desse prosjekta.

Det skal bli enklare å reise i dette fylket, og det kjem til å bli nye reisemønster. Vi skal knyte saman Ålesundsregionen med Romsdal. Og når vi får på plass HAFAST med Søre Sunnmøre, då blir perspektivet verkeleg stort, seier han.

– Samarbeid om kompromiss

Helge Orten karakteriserer seg som ein politikar som søkjer samarbeid og resultat. I kommune- og fylkespolitikken har han søkt samarbeid for å finne løysingar. Dette vil han ta med seg til arbeidet på Stortinget.

Som politikar får ein sjeldan gjort noko åleine. Ein treng eit fleirtal. Då må ein søkje samarbeidsløysingar, og kompromiss er viktig.

– Samarbeid og kompromiss er din stil som politikar?

– Ja, eg vil seie det. Eg blei samrøystes vald som ordførar i Midsund . Det er slik vi har arbeidd her i kommunen. Eg har prøvd å ta med meg dette til fylkespolitikken, og eg vil ha det med meg vidare til Stortinget. Men eg ser at samarbeid på tvers av partigrensene kan vere lettare å få til i lokalpolitikken enn i rikspolitikken.

– Men i politisk maktkamp er det vel lett å ty til «kva sa eg», og sarkastisk «velkommen etter» når andre endrar standpunkt?

– Politikken er ikkje statisk. Den skal i alle fall kunne vere dynamisk. Det burde ikkje vere unaturleg å justere kursen når det er behov for det, seier Orten.

– Må vere løysingsorientert

Og han vedgår at han nok har utvikla seg politisk på ein del saker. Og han var nok djupare blå i studietida, seier han. No karakteriserer han den politiske fargen som lys blå.

Standpunkt utviklar seg sjølvsagt over 20 år, sjølv om det ideologiske fundamentet står fast. I praktisk politikk er det viktig å vere løysingsorientert og pragmatisk, seier Orten.

Helge Orten

Helge Orten går gjerne turar i naturen, både heime i Midsund og elles kvar det måtte vere. Her er han på heimlege trakter, på veg opp til Rørsethornet i Midsund.

Foto: Privat

– Felles interesse med ungane

Helge Orten er godt rotfesta i Midsund. Når han får spørsmål om fritida si, er det familien og det aktive lokalmiljøet i Midsund han først snakkar om.

Eg har to barn, det vil seie ungdommar på 16 og 18 år. Dei er aktive i idrett og eg brukar meir enn gjerne mykje av fritida mi saman med dei. Gjennom oppveksten deira har vi opphalde oss mykje ved fotballbanene og i handballhallane, fortel han. Det er godt å ha felles interesser med ungane, legg han til.

Du er ikkje fotballspelar sjølv også, vel?

Nja, vel ... Eg spelte litt på Midsund og var med på studentfotball. Men eg har drive litt med friidrett, og har sprunge Holmenkoll-stafettet.

– Blei «nok» sykling

Egil Orten er også ein av dei som kasta seg på sykkelbølgja. Men i det hektiske politikarlivet trakkar han ikkje så mykje pedalar langs vegane no.

Eg har delteke i Birken og har sykla Geiranger - Dalsnibba. Men på eit tidspunkt blei det liksom «nok» med denne syklinga, medgir Orten. Men eg går i fjellet, både om sommaren og om vinteren. Det er fantastisk avkoblinng, seier han.

Og han avslører at han er i ein situasjon som svært mange langs kysten er i:

Eg HAR båtplass. Men eg har ingen båt, seier han og bryt ut i latter. Nei, eg har ikkje hatt tid til noko båtliv. Vi lever eit aktivt liv og har prioritert andre aktivitetar, seier han.

– Kåre og Gro-debattane tente meg

Helge Orten blei politisk aktiv under studietida i Bergen. Dette var under tida med dei harde politiske debattane mellom Kåre Willoch og Gro Harlem Brundtland.

Kåre og Gro-debattane skapte engasjement og interesse. Dei to illustrerte forskjellane i norsk politikk, seier Orten.

Og du var ikkje i tvil om kva side du skulle hamne på?

– Nei. Det var eit veldig greitt val. Eg lei slett ikkje valets kvalar, humrar Orten.

Men Helge Orten vil ikkje ha noko «blå-russ-stempel» på den politiske utviklinga si. Han er godt planta i det verkelege livet i ein liten øykommune på kysten.

– Eg vaks opp i ein familie der far var plateformann på verftet her. Mor mi arbeidde i omsorgssektoren. Det er DETTE som er fundamentet mitt. Men det er klart at studietida påverkar folk politisk. Ein blir jo påverka at det livet ein lever og alt ein opplever. Og eg var vel gjerne endå blåare i studietida enn no. Eg trur ikkje eg er fullt så skarp i kantane som eg var som student, smilar Helge Orten.

Dette er vår politikk

No har han fast plass på Stortinget i sikte, og han bur seg på fire år i Oslo. Han treng ikkje tenkje seg om før han tek leksa om strategien og dei politiske prioriteringane som skal føre han inn på Mørebenken.

Vi skal snakke om vår eigen politikk. Vi skal snakke om skule og kunnskap. Vi skal fortelje om at vi vil satse på lærarane og på utdanning. Vi skal snakke om helsekøane som skal vekk, om frie behandlingsval. Vi vil ta i bruk kapasitet i det private som supplement til det offentlege helsetilbodet. Og vi vil skape gode rammevilkår slik at næringslivet skal skaffe trygge og gode arbeidsplassar. Helge Orten blir ivrig når han får snakke om Høgre sitt program for Stortingsvalet.

Men så legg han ikkje skjul på at det er samferdslepolitikken som ligg hans hjarte aller, aller nærast. Han vil ha fleire kroner til samferdsleprosjekt, han vil ha prosjekta gjennomført raskare og han vil ta i bruk nye finansieringsordningar for å få fart på utviklinga av samfersla i Noreg.

Eg vonar eg får markere meg på samferdslepolitikken i Stortinget. Det er der eg har aller, aller mest å tilføre, seier han.

– Private skal inn i vegbygginga

Og han skisserer korleis han vil at det offentlege og det private skal samarbeide om finansieringa av nye vegprosjekt. Han meiner at det vil styrke den teknologiske utviklinga i samferdslesektoren om det private får ei meir sentral rolle.

Offentleg Privat Samarbeid (OPS) er slett ikkje noka fordyrande avbetalingsordning. faktisk er det ein måte å få både raskare og billegare vegutbygging. Og avtalane skal, i tillegg til utbygginga, også innehalde punkt om drift og vedlikehald. Etter avtaleperioden skal vegprosjekta falle tilbake til det offentlege. Vi har 17 vegprosjekt som er veleigna for denne modellen. Møreaksen er eitt av desse prosjekta, seier han.

– Nordøyvegen er eit godt prosjekt

Helge Orten held også eit langt foredrag om kor godt prosjekt Nordøyvegen er. Han meiner Nordøyvegen også finansielt er eit godt prosjekt

Det kostar jo mange millionar kroner i året å drifte ferjene i området. Og øyane skal jo ikke avfolkast. Både pengane som elles ville ha blitt brukt til å drifte ferjene og tilbakeføring av arbeidsgjevaravgift går inn i prosjektet. I tillegg er her eit stort lokalt bidrag til prosjektet. Og vi må ikkje tru at det blir billigare å drive ferjesamband i framtida. Helge Orten snakkar med overtyding når han fortel at Nordøyvegen er eit godt prosjekt, også med tanke på økonomien.

– Skal framleis bu i Midsund

Sjølv om det no blir fleire år i Oslo på Helge Orten, vil også han sjølv ha behov for samferdsleprosjekta i heimfylket, som han snakkar så varmt om. Han har ikkje tenkt å «slå seg til» i hovudstaden.

– Eg skal ikkje flytte til Oslo. Det er eit poeng for meg å framleis bu i Midsund. Eg skal bu i Møre og Romsdal, og eg blir jo vald av innbyggarane her for å representere Høgre. Og dette har eg tenkt å forvalte på ein god måte, seier Orten.

– Og tipset om at du vil i Samferdslekomiteen treff vel blink rimeleg godt?

Ja, heilt klart. Samferdslekomiteen er førstevalet mitt.

Kva slags politikar blir du på Stortinget? ... Nokre hamnar på bakerste benk, og blir ganske anonyme..?

Dette blir i veldig stor grad styrt av kva posisjon du får i ditt eige parti. Eg har markert meg i Høgre, og har fått sentrale oppgåver, ikkje minst når det gjeld utviklinga av samferdslepolitikken. Eg kjenner meg trygg på at eg skal vise igjen i det politiske landskapet, seier Orten med eit blikk som tyder på at han kjenner seg trygg på at han får ei rolle som noko anna enn anonym førstereisgut.

Og Helge Orten veit at det kjem saker på rekke og rad som Samferdslepolitikarane kjem til å følgje tett dei komande åra. Møreaksen er eitt av desse prosjekta.

Ja, no er optimismen på topp når det gjeld desse prosjekta. Det er mange spennande saker som kjem no. Men så er det også jammen på tide, seier han og ser ut på veret som piskar i sommardagen utenfor. Helge Orten er i full gang med valkampen som skal sikre han plass på Stortinget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no